Lars er eit mannsnamn som via det norske Lavrants går tilbake til latin Laurentius som tyder ‘mann frå byen Laurentum’ (Italia).

Laurentius har i folketradisjonen vorte omtolka til å ha samanheng med latin laurus som tyder ‘laurbær’ og ‘laurbærkrans’. Denne kransen vart sett på som eit sigerssymbol. I tidleg kristen tid var laurbærkransen også eit symbol på martyriet.

Namnedag er 10. august. Lasse og Lorents har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Lars

Eit utval personar med namnet Lars, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 31 529 menn i Noreg som hadde Lars som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Lars var det femte mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 68 gutar som fekk namnet Lars.

Utvikling i bruk av namnet

Lars var mykje brukt i fyrste halvdel av 1800-talet, og i femårsperiodane innanfor tidsrommet 1800–1849 låg namnet vekselvis som nummer 3 og 4 på ranglista. Nokre av dei namna som er innlånte og som har fått ei lydleg justering på nordisk grunn, hadde ein toppfase tidleg på 1800-talet. Dei gjekk så tilbake før dei fekk ein ny toppfase på slutten av 1900 eller litt seinare. Dette gjeld til dømes Lars (av Laurentius) som fekk ein ny topp rundt 1980. Døme på andre namn av denne typen og med liknande kurveprofil er Anders (av Andreas), Mads (av Mathias) og Mikkel (av Mikael).

Utvikling i bruk av namnet Lars frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Lars frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lars på 1800-talet.

Lars var mest brukt i Hordaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Lars på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Lars var mest brukt i Hordaland.

Historisk bruk av namnet Lars
Historisk bruk av namnet Lars
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg