Løfallstranda er eit tidlegare ferjeleie i Kvinnherad kommune, Vestland fylke, på vestsida av Folgefonnhalvøya, like nord for kommunesenteret Rosendal. Herfrå gjekk det bilferje til Varaldsøy i Hardangerfjorden og til Gjermundshamn på den andre sida av fjorden (tidlegare fylkesveg 48). Sidan 2010 går ferjesambandet (på fylkesveg 500) over fjorden frå Årsnes, rundt fem km lenger nord.

Namnet kjem truleg av norrønt Lǫðufall, der første ledd er (h)laða, 'løe', og siktar til ei nedfallen løe på staden. Det kan òg vere av norrønt Lutfall, det vil seie om ein stad vunne ved loddtrekking.

Kart

Løfallstrand
Løfallstrand
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg