Lærdalen er ein dal i Lærdal kommune i Vestland fylke.

Dalsidene i Lærdalsdalføret er bratte med høge fjell på begge sider. Dalbotnen i nedre del er flat og vid med store marine lausavsetningar. Berggrunnen består av grunnfjell og fyllitt. Gjennom dalføret renn Lærdalselvi med hovudretning vestover til botnen av Lærdalsfjorden, og i fjordbotnen ligg tettstaden Lærdalsøyri.

E 16 over Filefjell går ned gjennom Lærdalen og dannar stamvegen mellom Bergen og Oslo. Mellom Aurland og Lærdal ligg Lærdalstunnelen, som er den lengste vegtunnelen i verda. Det meste av busetjinga finst i Lærdalsøyri nedst i dalen.

Kart

Lærdalen
Lærdalen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg