Kyrie frå Liber Usualis
Bønneropet Kyrie eleison blir ofte sunge. Denne tonesetjinga er i gregoriansk stil og stammar frå 1000-tallet.

Kyrie eleison er eit liturgisk bønnerop som skriv seg frå dei eldste gudstenestene i Jerusalem. Det uttrykkjer tilslutning til dei bønnene som blir resiterte (lesne opp). Kyrie eleison blei eit særleg viktig bønnerop i dei gudstenestene som seinare er kjende som gresk-ortodokse og russisk-ortodokse.

Faktaboks

Uttale
kˈyrie elˈeison
Etymologi
gresk ‘Herre, forbarm deg!’

Bønneropet har bakgrunn i Markusevangeliet kapittel 10, vers 46–47, der det blir fortalt om den blinde Bartimeus som sat i vegkanten og ropte til Jesus då han gjekk forbi: «Jesus, du Davids son, ha miskunn med meg!» På gresk lyder dette ropet vie David, eleison me.

I den katolske kyrkja og mange av dei lutherske kyrkjene er Kyrie eleison eit bønnerop ved starten av høgmessa, der dei tre personane i guddommen, Gud, Jesus og Den heilage ande, blir påkalla. Bønneropet blir ofte sunge.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg