Faktaboks

Kurt Goldstein
Uttale
gˈoldstein
Fødd
6. november 1878, Katowice, Polen
Død
19. september 1965, New York, USA

Kurt Goldstein var ein tysk-amerikansk psykolog og nevropsykiatar.

Han var professor i Berlin 1930–1933, i Amsterdam 1933–1935, og frå 1935 i USA. I hovudverket sitt Der Aufbau des Organismus frå 1934, skisserer han ein gestalt-psykologisk prega personlegdomspsykologi og introduserer mellom anna sjølv-aktualisering som grunnleggjande motivasjonsfaktor.

Goldstein var også kjend for studiane sine av hjerneskadar og dei psykologiske konsekvensane av hjerneskadar.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg