Kristine er eit kvinnenamn som er avleidd av mannsnamnet Christianus med tydinga ‘som høyrer Kristus til; kristen’.

Namnet har fleire variantar: Christina, Christine, Cristina, Cristine, Kristina, Kristine.

Namnedag er 24. juli. Kristi og Kristin har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kristine

Eit utval personar med namnet Kristine, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 192 kvinner i Noreg som hadde Kristine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Kristine var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 19 jenter som fekk namnet Kristine.

Av dei som heitte Kristine i perioden 1900–2017, var det 65 prosent som hadde dette namnet som det andre førenamnet, til dømes Gro Kristine. Dette inneber at 35 prosent hadde Kristine som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Kristina og Christina slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. På 1800-t var suffikset -ine klart meir vanleg enn -ina (Jensine – Jensina). Også på 1900-talet dominerte formene på -ine, men dominansen for -ine-formene var mindre markant under toppfasane i siste del av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Kristine frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Kristine frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kristine på 1800-talet.

Kristine var mest brukt i Nordland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kristine på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kristine var mest brukt i Nordland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Christine.)

Historisk bruk av namnet Kristine
Historisk bruk av namnet Kristine
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg