Krakhella

Krakhella er ein ferjestad på austsida av Sula i Solund kommune i Vestland fylke. Krakhella ligg ved indre kystlei gjennom Krakhellesundet. Det er bilferjesamband til Rysjedalsvika i Hyllestad og Rutledal i Gulen på riksveg 57. Riksveg 606 går vestover over Sula, Steinsundøy og Rånøy til Ytre Steinsund.

Namn

Namnet kjem av norrønt kraki, som kan bety stong med hake på enden, og helle, 'flatt berg'.

Kart

Krakhella
Krakhella
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg