Kristoffer Magnus Nohr Unstad, Fredrik William Olsen, Petter Waldemar Nohr Unstad og Thomas Litangen.

Kråkesølv i 2011.

Kristoffer Magnus Nohr Unstad, Fredrik William Olsen, Petter Waldemar Nohr Unstad og Thomas Litangen.
Av /SCANPIX.

Kråkesølv er ei nordnorsk gruppe som spelar energisk poprock med melodisk teft. Tekstane deira er leikne og oppfinnsame, og dei blir framførte på bodødialekt.

Oppstart og bandmedlemmar

Kråkesølv har røter i Bodø, med utspring i miljøet kring rockeklubben XRK. Bandet vart danna i 2007 og spela den første konserten sin i 2008. Namnet til bandet kjem av at eit av bandmedlemma (Olsen) hadde spela i eit band der ein av låtane heitte Kråkesølv.

Ved oppstarten bestod bandet av Fredrik William Olsen (gitar), Thomas Litangen (trommar) og brørne Kristoffer Nohr Unstad (gitar, vokal) og Petter Waldemar Nohr Unstad (bass, vokal). I 2012 erstatta Jørgen Smådal Larsen (som tidlegare spela i Lukestar) Litangen på trommar framfor 2014-albumet Kråkesølv.

Stil og tema

Musikken til Kråkesølv er ofte enkel, men sjeldan utan tyngd. Musikken er inspirert av både postrock, postpønk og progrock. Kombinasjonen av energiutfalding og roleg poprock er eit tydeleg kjennemerke. Gruppa fekk stor merksemd under bransjefestivalen by:Larm i 2009 og debuterte same året med Trådnøsting. Albumet vitnar om ei ung, men moden gruppe, med eit reflektert og utforskande forhold til tekst og språk. Blant låtane finn vi både elegante, mollstemte popmelodiar og skranglete, kraftfulle rockeparti. Tekstane er emosjonelle og inneheld mykje ordleik.

På oppfølgjaren Bomtur til jorda (2010) (produsert av Øystein Greni frå Bigbang) får gleda over ordspel og gode melodiar eit røffare uttrykk. Alle gode ting (2012) er òg drivande, og er eit stødig framhald av gruppa sitt musikalske prosjekt. Samstundes har låtane ein mørkare tone, og tekstane er både eksistensielle og emosjonelle. Med Kråkesølv (2014) står den musikalske identiteten deira støtt, om enn med større mot og tryggleik.

Kråkesølv har vist tydelege standpunkt i det offentlege rommet. Debutalbumet la dei ut på piratnettstaden Pirate Bay, og i 2010 takka dei nei til å konkurrere om Statoil-stipend, i protest mot oljeverksemd i Lofoten. Gruppa har òg ein tydeleg visuell profil på omslaga sine, og til albumheftet på Kråkesølv inviterte dei ei rekkje unge illustratørar til å gi visuelle tolkingar av låtane.

Samarbeid

Kråkesølv har samarbeidd med artistar og grupper som Øystein Greni, Marit Larsen, Magnus Eliassen, Karpe Diem (no Karpe) og Kringkastingsorkesteret. Under namnet NOHR solodebuterte bassist og vokalist Petter Waldemar Nohr Unstad i 2016 med albumet Så langt. Gitarist og vokalist Fredrik William Olsen har òg gitt ut soloalbumet Hver gang æ græv (2012). Kristoffer Nohr Unstad ga ut Eftf. i 2022.

Utmerkingar

Det kritikarroste debutalbumet Trådnøsting kom i 2009, låg ti veker på VG-lista og vart påskjønt med to Spellemannpris-nominasjonar: Årets popgruppe og Årets nykommer. Fleire av dei etterfølgjande albuma har òg hatt høge plasseringar på VG-lista i mange veker. I 2010 fekk dei Spellemannprisen som beste popgruppe.

Album

  • Trådnøsting (2009)
  • Bomtur til jorda (2010)
  • Alle gode ting (2012)
  • Kråkesølv (2014)
  • Pangea (2016)
  • Force majeure (2020)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg