Faktaboks

Knut Johannesen

«Kupper'n»

Fødd
6. november 1933, Oslo
Verke
Skøyteløpar
Familie

Foreldre: Sjåfør Trygve Johannesen (1908–65) og hustru Ella Gusthi (1907–).

Gift 18.6.1960 med Anne Lise Grøtting (23.5.1935–).

Knut Johannesen, Squaw Valley
Olympiske vinterleikar i Squaw Valley i 1960. Kuppern i aksjon på 10 000 meter som han vann på legendariske 15.46,6.
Knut Johannesen, Squaw Valley
NTB.

Knut Johannesen er ein av dei største skøyteløparane i norsk idrettshistorie. Han er også ein av dei mest populære idrettsutøvarane i Noreg gjennom tidene. Johannesen blei kalla «Kupper’n» og var i verdstoppen frå siste halvdel av 1950-talet til midten av 1960-talet.

Johannesen vann to gull i vinter-OL. Av desse blir særleg verdsrekordløpet på 10 000 meter i Squaw Valley i 1960 hugsa, med ei tid på 15.46,6. Populariteten blir også spegla i at han som einaste nordmann har vore flaggberar i OL fleire gonger (1960 og 1964). Det sistnemnde året vann han det andre OL-gullet sitt, denne gongen på 5000 meter i Innsbruck.

Johannesen gjekk for Arbeidernes Skøyteklubb. Til 80-årsdagen i 2013 blei han heidra med ein statue utanfor Bislett stadion, der han blei europameister i 1960 og sette ein verdsrekord i 1963.

Tidlege år

Knut Johannesen

Knut Johannesen snører skøytene under europameisterskapen i hurtigløp på Nya Ullevi i 1959.

Knut Johannesen
Av /NTB.

Knut Johannesen var i skøytesportens verdselite i ti sesongar – frå 1955 til 1964. «Kupper’n» – som blei klengenamnet hans i alle år – høyrde ikkje til idretten sine vidunderborn. Med planmessig arbeid og med ein soliditet som prega heile karriera hans, gjekk det skrittvis framover frå han i 14–15-årsalderen gjorde dei fyrste forsøka sine på isen. Som medlem av Arbeidernes Skøyteklubb kom han tidleg under kyndig rettleiing, og etter kvart kom også den framgangen som i alle fall han sjølv hadde håp om. Ein 11. plass i juniormeisterskapet i 1951 gleda kanskje ikkje så mange, men allereie året etter vart han nummer to – med siger på 5000 meter.

Det var nettopp langdistansane som skulle prege karriera til Knut Johannesen, og som skulle gje han dei store sigrane. Dei to fyrste sesongane som senior, 1953 og 1954, viste han ein langsam framgang, men i 1955 kom han som 21-åring med for alvor – også internasjonalt. I verdsmeisterskapet i Moskva enda han som beste nordmann på femteplass, og innan sesongen var over hadde han sikra seg sitt første noregsmeisterskap og sin første kongepokal. «Kupper’n» hadde kome for å bli. Fram til 1963 vann han alle noregsmeisterskapa – berre avbrote av Roald Aas sin triumf i om lag 20 kuldegrader på Hamar i 1956.

Gjennombrot

I dei internasjonale meisterskapa var det ein ganske sterk sovjetisk dominans etter at Hjalmar Andersen hadde lagt opp. Men så kom det store gjennombrotet for Knut Johannesen under verdsmeisterskapet i Östersund i 1957.

Året før hadde han sikra seg ein olympisk sølvmedalje på 10 000 meter, og i VM kom allround-triumfen med klåre sigrar på dei to lange distansane og med det nødvendige poengforspranget til sovjetrussarane på dei tre neste plassane. Johannessen blei europameister i 1959 og 1960 (på Bislett), og med EM-sølv i 1956, 1957 og 1963, og bronse i 1958, kom han meir enn nokon annan til å prege skøytemeisterskapa i denne perioden.

Høgdepunkt

Knut Johannesen

Knut Johannesen fotografert då han sette verdsrekord på 3000 meter i Tønsberg i januar 1963.

Av /NTB Scanpix ※.

Sesongen 1960 såg ikkje så lys ut i utgangspunktet, men under dei olympiske leikane i Squaw Valley slo Knut Johannesen til for fullt. Rett nok blei Viktor Kositsjkin for sterk for han på 5000 meter, men ein ny olympisk sølvmedalje var ikkje å forakte. Så kom 10 000 meter-konkurransen 27. februar 1960, med 30 deltakarar frå 15 forskjellige land. Verdsrekorden på 10 000 meter – 16.32,6 – hadde Hjalmar Andersen sett i 1952. Da Knut Johannesen gjekk i mål, var ikkje berre gullet sikra, men han hadde fått notert tida 15.46,6 – ein av dei få skøytetidene som faktisk «heile Noreg» i ein periode hugsa. Ved sesongslutt blei han løna med Fearnleys olympiske ærespris og Sportsjournalistenes statuett. Morgenbladets gullmedalje hadde han fått etter VM-triumfen i 1957 og Oscarstatuetten etter EM to år seinare.

Forutan verdsrekorden på 15.46,6 kom også Johannessen på lista over verdsrekordar med 4.33,9 på 3000 meter, sett i Tønsberg, og med 7.37,8 på 5000 meter under den legendariske landskampen mot Sovjet på Bislett 1963. Poengsummen hans på 183,035 frå NM på Hamar same år står også på denne lista.

Enda eit OL-gull

Den store 1963-sesongen enda med ein liten nasestyvar då Jonny Nilsson sneik seg forbi Knut Johannesen under VM i Karuizawa i Japan. Men året etter skulle dette tapet hemnast. Det enda med ein ny olympisk gullmedalje til Knut Johannesen under 5000 meter-løpet i Innsbruck, der tre nordmenn stod på sigerspallen. Det endelege punktumet blei sett på Helsingfors Olympiastadion same år då Knut fekk sitt andre verdsmeisterskap med Viktor Kositsjkin på plassen etter. Då kunne ein stor skøytemeister trekkje seg tilbake med godt samvit. For ordens skuld bør bronsemedaljen på 10 000 meter frå Innsbruck-leikene også nemnast.

Knut Johannesen blei kåra til «tidenes største norske idrettsmann» i ei avstemming i 1964. Dei rett gamle på Kampen kunne igjen ta imot ein skøyteyndling, på same vis som dei i si tid hadde tatt imot den første store skøyteløparen i bydelen – Rudolf Gundersen – som blei europameister 1901, 1904 og 1906.

Samtidig som Knut Johannesen starta idrettskarriera si, sørga han også for å skaffe seg eit framtidig levebrød. Etter at læretida var over, blei han tømrarmeister, men etter nokre år valde han å etablere seg som bensinforhandlar.

Medaljar

Knut Johannesen, Innsbruck
Kuppern vinn 5000 meter på 7.38,4 under OL i Innsbruck i 1964.
Knut Johannesen, Innsbruck
AP/NTB.

Olympiske leikar

VM allround

  • gull i 1957
  • sølv i 1963
  • gull i 1964

EM allround

  • sølv i 1956
  • sølv i 1957
  • bronse i 1958
  • gull i 1959
  • gull i 1960
  • sølv i 1963

NM allround

  • gull i 1955 og 1957–1963

Åtte gull i allround-NM er rekord på herresida, berre tangert av Håvard Bøkko. Knut Johannesen blei tildelt åtte kongepokalar.

Rekordar

Då Johannesen gjekk inn til den kjende verdsrekorden 15.46,6 på 10 000 meter under vinter-OL i 1960, var han 2,6 sekund føre Viktor Kositsjkin. Dette var dei to første løpa under 16 minutt på denne distansen.

Andre verdsrekordar:

Knut Johannesen
Statuen av Kuppern utanfor Bislett stadion i Oslo.
Knut Johannesen
Av /NTB.
  • 3000 meter (4.33,9 i Tønsberg i 1963)
  • 5000 meter (7.37,8 på Bislett i 1963)
  • samanlagt (183,085 på Hamar i 1963)

Personlege rekordar:

  • 500 meter: 42,3
  • 1000 meter: 1.31,0
  • 1500 meter: 2.09,4
  • 3000 meter: 4.28,7
  • 5000 meter: 7.37,8
  • 10 000 meter: 15.42,9

Utmerkingar

Knut Johannesen
Knut Johannesen under opninga av Norsk Idretts Æresgalleri på Det Norske Veritas i Bærum i 2020.
Knut Johannesen
Av /NTB.

Knut Johannesen blei tildelt Morgenbladets gullmedalje i 1957, Oscarstatuetten i 1959, Fearnleys olympiske ærespris og Sportsjournalistenes statuett i 1960. Vidare blei han kåra til «den største norske idrettsmannen i historia» i 1964, og han blei tildelt St. Hallvard-medaljen i 2021.

Johannesen har gitt ut bøkene Fra Kampen til Squaw Valley (1960) og På’n igjen (1964).

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Knut Johannesen: Fra Kampen til Squaw Valley, 1960
  • Knut Johannesen: På’n igjen, 1964

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg