Faktaboks

Knut Åm
Fødd
18. januar 1944, Årdal i Sogn
Knut Åm var administrerande direktør i Phillips Petroleum Company Norway frå 1992-1996. Symbolet han held over hovudet illustrerer "Framtida for Ekofiskfeltet". Biletet er teke i 1993.
.
Knut Åm

Modell av verneveggen rundt Ekofisktanken frå 1987

Knut Åm
Av .
Omslagsbilete
Omslagsbilete for Statoils (no Equinor) første forsking og utviklingsplan som Knut Åm leia. Biletet er frå 1981.
Omslagsbilete
Av .

Knut Åm er ein norsk sivilingeniør og geofysikar. Han har vore industrileiar og professor, arbeidet i Oljedirektoratet og Statoil (no Equinor), og han var første norske administrerande direktør i Phillips Petroleum Company Norway (no ConocoPhillips).

Bakgrunn

Knut Åm voks opp i Oppdal og Volda/Ørsta med rikeleg høve til å dyrke si interesse for naturen. Lysta til å forstå naturen og å utnytte ressursane i naturen, var ein fascinasjon gjennom heile oppveksten. Etter realartium frå Volda offentlege landsgymnas vart det studiar på NTH (no NTNU) ved Bergavdelingens nye linje for Teknisk geologi med studieretning malmgeologi og geofysikk.

Før studiestart hadde NTH krav om minst eitt års relevant praksis. Knut Åm skaffa seg dette gjennom NGUs malmleitingsprogram i Nord-Noreg, og ved arbeid i Sulitjelma gruver og ei kolgruve i Austerrike. Dette gav verdifull erfaring som overtydde han om at han hadde valt rett studium og resulterte i at han avslo alle tilbod om å skifte studieretning.

Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) 1969-74

Dei første fem år etter NTH og militærteneste arbeidde han som geofysikar ved NGU. Her gjorde han dei første tolkingane av NGUs data frå flymagnetiske målingar over kontinentalsokkelen. Det resulterte i fleire publikasjonar og rapportar som viste store sedimentmektigheter utanfor Noreg både i Skagerrak, Norskehavet og i Barentshavet.

Oljedirektoratet (OD) 1974–1979

Åm vart henta til det nyoppretta Oljedirektoratet i Stavanger, der han fekk omfattande oppgåver innan både forsking, leiting, reservoarevaluering, produksjon, utbyggingsteknologi og tryggingskontroll (no Ptil). Spesielt kan nemnast at Åm vart formann i eit utval utnemnt av Industridepartementet for å «greie ut behovet for tryggleiks- og beredskapsforsking på kontinentalsokkelen». Arbeidet bygde på innsikt i system frå NATO, Boeing og NASA. Rapporten frå utvalet vart, etter omfattande høyring, send til departementet 21. april 1977, dagen før Bravo-ulykka. Dette resulterte i rask behandling og igangsetjing av tre store forskingsprogram. Gjennomføringa av programma vart delt mellom NTNF (Noregs teknisk-naturvitskaplege forskingsråd) og Oljedirektoratet. Åm vart styreformann i NTNFs del av programmet som fekk nemninga Sikkerhet på Sokkelen.

Denne tryggleiks- og beredskapsforskinga resulterte i ei rekkje nyvinningar både administrativt og utstyrsmessig. Dette førte til nye krav både nasjonalt og internasjonalt, mellom anna konkrete krav på designstadiet.

Statoil (no Equinor) 1979–1982

I 1979 vart Åm bede om å byggje opp ein forskings- og utviklingsavdeling i Statoil (no Equinor). Samtidig vart teknologiavtalane introduserte. Det gjorde det lettare for Statoil å satse på ein offensiv F&U-politikk, sjølv om Statoil ikkje hadde operatøroppgåver. Åm var ein aktiv pådrivar for fleire større prosjekt, mellom anna innan boreforsking med forsøksriggen Ullrigg på Rogalandsforskning (no Norce), eksplosjons-forsking ved CMI, undervassteknologi ved NUI og fleirfase-straumdrag ved SINTEF og IFE. Han la også strategien for etablering av Statoils Teknologisenter i Trondheim. Publiseringa av ei gjennomarbeidd oversikt, på nynorsk, over Statoils forskingsprogram resulterte i Målprisen -82 frå Rogaland Mållag.

Phillips Petroleum (no ConocoPhillips) 1982–1999

Åm vart tilsette i Phillips som eit ledd i fornorskingsprosessen i selskapet. Han steig raskt i gradene og fekk ulike oppgåver både i USA og Noreg. Det store gjennombrotet på teknisk side kom i 1984, då han vart utnemnd til første norske feltdirektør med ansvaret for produksjon og vedlikehald på dei 24 plattformene i Ekofisk. I 1992 vart han administrerande direktør.

Åms strategiske og analytiske evner kom til nytte i forhandlingane med styresmaktene som førte til at vassinjeksjonsprosjektet vart gjennomførte, og i forhandlingane om forlenging av lisenstida frå 2011 til 2029 med vidare utbygging av Ekofisksenteret (Ekofisk II).

I 1996 vart han henta til hovudkontoret i Bartlesville for å leie heile undersøkings- og produksjonsaktiviteten til selskapet. Den 1. mai 1999 gjekk han av med pensjon og flytta tilbake til Noreg. To dagar seinare sat han i sitt første styremøte i Statoil.

Andre aktiviteter

Ved sida av hovudjobben vart Åm mykje brukt som foreles og som medlem i fleire styre, komitear og utval. Av desse skal nemnast medlem i utval utnemnt av Regjeringa for å vurdere «Moglegheiter og konsekvensar ved petroleumsverksemd nord for 62˚N. (1976–1980), professor II i geofysikk, Universitetet i Bergen (1985–1990), styreformann i CMR (1992–1996), styreformann i OLF (1993–1995) og president i NPF (1994–1996).

Aktiv pensjonist

Frå 1999 har Åm arbeidd som sjølvstendig konsulent. I tillegg til styreverva i Statoil (1999–2007), Hitec (1999–2000), Revus (2007–2008) og Wintershall Noreg (2009–2019) har Åm hatt styreverv i fleire mindre teknologiselskap.

Åm-utvalet

Olje- og energidepartementet utnemnde den 5. februar 2010 eit utval som skulle komme med tiltak for å auke utvinninga av petroleumsressursar frå eksisterande felt på norsk kontinentalsokkel. Komiteen kalla det Utvinningsutvalet, men med Knut Åm som leiar, vart det også kalla «Åm-utvalet». Utvalet leverte innstillinga si den 22. september 2010. Rapporten hadde ei rekkje konkrete tiltak for å auke utvinningsgrada i eksisterande oljefelt på norsk sokkel, og peika på at med rette tiltak kunne den gjennomsnittlege utvinningsgrada aukast frå dagens 46 prosent til rundt 60 prosent.

Spesielle æresutmerkingar

  • Eksamen frå NTH med innberetning til Kongen.
  • Ridder 1. Klasse av Den kongelige Sankt Olavs Orden for sin innsats innan utvikling av norsk og internasjonal petroleumsnæring 2014.

Andre utmerkingar

  • SPE Oilman of the year 1994 for outstanding contribution to the Norwegian petroleum industry.
  • Æresmedlem i Norges Tekniske Vitenskapsakademi (NTVA) 2013 «for his significance in the development of Norwegian petroleum industry, for his many years of work on NTVA’s council and as leader for NTVA’s industrial council».

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Statoil (1981) Forskning og utvikling.
  • Åm, Knut (1993). Årsrapport og regnskap fra Phillips Petroleum Company Norway.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg