Faktaboks

Kjellbjørg Lunde
Fødd
26. november 1944, Naustdal i Sunnfjord, Vestland
Kjellbjørg Lunde
Av /Stortingsarkivet.

Kjellbjørg Lunde er spesialpedagog, politikar og tidlegare utdanningsdirektør.

Bakgrunn

Kjellbjørg Lunde er fødd i Naustdal i Sunnfjord i Sogn og Fjordane (no Vestland). Ho gjekk Stord lærarskule 1962–1966, tok førsteavdeling i spesialpedagogikk i Bergen i 1972 og andreavdeling ved Statens spesiallærarhøgskule i 1975.

Lunde var lærar i grunnskulen på Stord i 1966–1968 og 1977–1978, lærar ved Sævarhagen skule for spesialundervisning i 1968–1975. Ho vart i 1981 tilsett som høgskulelærar ved Stord lærarhøgskule, men hadde frå hausten same året permisjon som stortingsrepresentant. I 1997 vart ho tilsett som utdanningsdirektør i Hordaland.

Politisk karriere

Ho var medlem av Stord kommunestyre 1975–1980 og hadde elles ymse kommunale verv. I fire periodar, frå 1981 til 1997, sat ho som representant på Stortinget for Sosialistisk Venstreparti. Ho var mellom anna medlem av Kommunal- og miljøvernkomiteen og Den utvida utanrikskomiteen, og var i to periodar delegat til FNs generalforsamling. I åra 1989–1997 var ho parlamentarisk leiar. I 1987–1995 var ho nestleiar i Sosialistisk Venstreparti.

Andre verv

Ho har òg hatt mange andre verv. 1976–1978 sat ho i styret for Norsk Spesiallærerlag, der ho i 1978–1980 var leiar. I 1998–2001 var ho medlem av Kringkastingsrådet, deretter leiar i 2002–2005. I 2007 vart ho utnemnd som leiar av Personvernkommisjonen.

Lunde er nynorskbrukar og sat i Målpolitisk råd ved Det Norske Teatret i 1982–1997, var styremedlem i stiftinga Det Norske Samlaget i 1997–2002 og var leiar i styret for Litteraturselskapet Det Norske Samlaget i 1998–2001. I 2018 vart ho heidersmedlem i Samlaget

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Frank Rossavik: SV. Fra Kings Bay til Kongens bord. Oslo 2011

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg