Kjell er eit mannsnamn som vart tatt i bruk på 1400-talet, dels som yngre form av det norrøne Ketill, dels som kortform av namn med etterleddet -kjell, til dømes Torkjell.

Namnet har fleire variantar: Keld, Kjeld, Kjell.

Namnedag er 11. juli. Kjetil har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Kjell

Eit utval personar med namnet Kjell, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 24 902 menn i Noreg som hadde Kjell som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Kjell var det sjette mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 6 gutar som fekk namnet Kjell.

Utvikling i bruk av namnet

Kjell var på topp 1940–1944. Også mange andre einstava nordiske mannsnamn hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Kjell frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kjell frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kjell på 1800-talet.

Kjell var mest brukt i Vestfold.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kjell på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kjell var mest brukt i Vestfold. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Kjeld.)

Historisk bruk av namnet Kjell
Historisk bruk av namnet Kjell
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg