.
Lisens: fri

Kinsedal er ei bygd på austsida av Lustrafjorden i Luster kommune i Vestland fylke.

Eit anortositt-felt i Kinsedal vart kjøpt av Norsk Hydro i 1918. I 1940 bygde A/S Rjukanfoss og Nordisk Lettmetall, som båe var dotterselskap av Norsk Hydro, ut gruvene i Kinsedal. I 1942 starta òg den tyske okkupasjonsmakta gruvedrift i området. I 1944 stansa gruvedrifta. Ei kai og nokre hustufter står igjen etter gruveverksemda.

Kart

Kinsedal
Kinsedal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg