Kinnakyrkja

Frå gravplassen utanfor Kinnakyrkja, med den karakteristiske Kinnaklova i bakgrunnen.

Kinnakyrkja
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Kinn er ei øy i Kinn kommune i Vestland fylke. Øya ligg ytst på kysten med Nordsjøen i vest.

Kinn ligg ute i havet rett vest for Florø. Øya har eit areal på 2,5 kvadratkilometer. På nordsida av øya ligg Kinnakyrkja, som er ei romansk steinkyrkje frå mellomalderen med rikt inventar.

Fjellet på øya når 315 meter over havet. Kinnaklova (220 meter over havet) er eit kjent landemerke. Nordvest for øya ligg Ytterøyane fyr med vêrstasjon. Den mildaste vintersesongen i Noreg blei målt her i 2019/2020 med gjennomsnittleg seks grader.

Kart

Kinn
Kinn
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar (2)

skreiv Torodd Kinn

Jeg gjorde først ei lita endring i artikkelen om Kinn (kommune). Den var nesten bare språklig. Så la jeg til ei endring til, som det ikke blei mulig å kommentere: Jeg la til tre fyr i Flora-delen (Ytterøyane, Stabben, Kvanhovden), siden bare fyra i Vågsøy-delen var opplista. Jeg forsøkte ikke å legge inn lenker fra dem; dette er første gang jeg foreslår endringer i SNL.

skreiv Svein Askheim

Tusen takk for bidraget! Lokal kunnskap er gull verd. Mvh Svein

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg