Faktaboks

Kingsley Amis
Sir
Uttale
ˈeimis
Fødd
16. april 1922, London, Storbritannia
Død
22. oktober 1995, London, Storbritannia

Kingsley Amis var ein britisk forfatter og far til forfattaren Martin Amis. Han er særleg kjend for Lucky Jim (1954), ein satirisk og humoristisk campusroman som blei omsett til mange språk og filmatisert i 1957. Han var også ein hovudrepresentant for opprøret mot nyromantikken i engelsk litteratur.

Bakgrunn

Kingsley Amis blei fødd i London der han hadde barndommen sin. I 1941 fekk han eit stipend til St. John's College, University of Oxford. Medan han studerte litteratur i Oxford, blei han ven med lyrikaren Philip Larkin. Amis underviste ved Swansea University College frå 1949 til 1961, men vart etter kvart fulltids forfattar.

Som ung var Amis politisk radikal, og han var i mange år medlem av det britiske kommunistpartiet. Seinare blei han konservativ, antikommunistisk og til dels antifeministisk. Forholdet hans til kvinner var komplisert – dels sidan han var notorisk utru, dels på grunn av høgt alkoholkonsum. Han var først gift med Hilary Bardwell og så med romanforfattaren Elizabeth Jane Howard.

Forfattarskap

Kingsley Amis' omfattande og varierte forfatterskap spenner frå satiriske romanar til lyrikk, noveller, science fiction, essay, litteraturkritikk og diktantologiar. I motsetnad til venen Philip Larkin gjekk han frå poesi- til romansjangeren, men han var intenst opptatt av lyrikk gjennom heile livet.

I lyrikken var Amis knytt til The Movement, mellom anna med diktsamlinga A Case of Samples (1956). To tidlege romanar er That Uncertain Feeling (1955) og Take a Girl like You (1960). Medan den første er ein komisk roman som satirisk framstiller livet og kulturen (eller etter Amis' syn: mangelen på kultur) i en walisisk kystby, spelar tittelen Take a Girl like You (norsk tittel: Han, hun og dyden) på ein mannleg rektors ønske om, og forsøk på, å forføre den kvinnelege hovudpersonen Jenny, som har kome frå Nord-England for å undervise på ein grunnskule i London.

Sjølv om seinare romanar inneheld element av science fiction, står realismen sterkt i Amis' forfattarskap. Realismen tar form av skarp, ofte komisk satire som kombinerer samfunnskritikk med utleverande personkarakteristikkar. I romanen The Old Devils, som Amis fekk Bookerprisen for i 1986, stiller han spørsmålet: Blir folk nokonsinne vaksne? Romanpersonane er «gamle djevlar»; på sjukeheimen der handlinga utspelar seg, er dei som dei alltid har vore, men fanga i ein kropp som er blitt gammal. Romanane Ending Up (1974) og Jake's Thing (1978) blei også nominerte til Bookerprisen. I The Alteration (1976) og Russian Hide and Seek (1980) teiknar Amis satiriske bilde av Storbritannia under oppdikta historiske forhold.

Amis' Collected Poems kom ut 1979 og Collected Short Stories i 1980. Han ga ut sine Memoirs i 1991. Under pseudonymet Robert Markham skreiv han Colonel Sun, som vidarefører Ian Flemings bøker om James Bond. Boka er omsett til norsk med tittelen James Bond på Drageøya og inngjekk i Dreyer Forlags James Bond-serie frå 1960-talet.

Lucky Jim

Då Amis publiserte Lucky Jim i 1954, hadde han gitt ut diktsamlingane Bright November (1947) og A Frame of Mind (1953). Men det var i denne debutromanen han framsto som nyskapande i britisk etterkrigslitteratur. Plottet i Lucky Jim er bygd opp rundt hovudpersonen Jim Dixon, som underviser i historie på eit «red brick»-universitet i England. Parallelt med at Jim prøver å gjere eit godt inntrykk på professor Welch for dermed kanskje å få fast stilling ved universitetet, viklar han seg inn i vanskeleg forhold til kollegaen Margaret samtidig som han forelskar seg i Christine. Ho er forlova med son til Welch, Bertrand, som Jim ikkje kan utstå.

Romanen er ein farse som gjennom ironi og satire skaper komiske situasjonar og harselerer med personane, særleg dei som utøver ulike former for makt i det provinsielle universitetsmiljøet der handlinga utspelar seg. Satiren er særleg retta mot dei pretensiøse og sjølvhøgtidelege, som professor Welch og Bertrand. Plottet kulminerer med ei forelesing som Jim held for studentar og kollegaer, inkludert professor Welch, med tittelen «Merrie England». Tittelen er ironisk sidan den er ein allusjon til ei utopisk forestilling om eit harmonisk England som ikkje lenger eksisterer. Sidan Jim forstår at det han seier kan avgjere om han får fast stilling eller ikkje, er han nervøs og drikk i forkant av forelesinga. Dette fører til at han utilsikta mimer professor Welch' måte å forelese på medan han ufrivillig avslører kor hult og pretensiøst universitetsmiljøet er. Samtidig som scenen er komisk og underhaldande, har den ein alvorleg undertone.

Campusromanen

Med Lucky Jim fornya Amis den britiske romansjangeren. Romanen har også påverka utviklinga av romansjangeren, og særleg undersjangeren «campusroman», internasjonalt.

Dei britiske romanforfattarane Malcolm Bradbury (The History Man, 1975) og David Lodge (Changing Places: A Tale of Two Campuses, 1975; Small World: An Academic Romance, 1984; Nice Work, 1988) er begge tydeleg påverka av Amis.

I Norge har Helene Uri, Henrik Langeland og Janne S. Drangsholt skrive variantar av "campusromanar" som på ulike måtar knyter an til satiren og farsen i Lucky Jim. Relevante boktitlar er Uris De beste blant oss (2006), Langelands Francis Meyers lidenskap (2004) og Drangsholts fire bøker om Ingrid Winter.

Omsetjingar til norsk

  • Lucky Jim (1954). Lykkelige Jim. Omsett av Lise Houm. Oslo: Aschehoug, 1957.
  • Take a Girl like You (1960). Han, hun og dyden. Omsett av Lise Houm. Oslo: Aschehoug, 1962.
  • Colonel Sun (1968, utgitt under pseudonymet Robert Markham). James Bond på Drageøya. Omsett av Axel S. Seeberg. Oslo: Dreyer, 1968; Oslo: Nasjonalforlaget, 1970.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Alxander, Michael (2013). A History of English Literature. London: Palgrave Macmillan.
  • Jacobs, Eric (1995). Kingsley Amis: A Biography. London: Hodder & Stoughton.
  • Keulks, Gavin (2003). Father and Son: Kingsley Amis, Martin Amis, and the British Novel since 1950. Madison: University of Wisconsin Press.
  • Powell, Neil (2008). Amis & Son: Two Literary Generations. London: Macmillan.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg