Kinas befolkning
Folk på gata i Guangzhou.
Av .
Lisens: CC BY 2.0
Kinas befolkning
Folkemengde på offentlig transport.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Kina er, tett følgt av India, det mest folkerike landet i verda med 1 415 045 928 innbyggjarar (2018). Dette utgjer litt meir enn 20 prosent av den samla folkemengda på Jorda.

Forventa levealder for heile landet er 77,3 år (2019), men mykje høgare i store byar, som til dømes Shanghai, med forventa levealder på 83,6 år (2019).

Befolkningstetthet
Av .
Lisens: CC BY 2.0

Historisk utvikling

Kina (Befolkning) (eldre ektepar)

Dette eldre ekteparet var tidlegare bønder langs Chiang Jiang, og er blitt forflytta saman med landsbyen dei budde i, inn i eit nyare bustadområde utanfor den næraste byen. Dei eldre har tradisjonelt hatt ein sterk posisjon i Kina. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Av /KF-arkiv ※.
Befolkning

Folketalet i Kina passerte 1,4 milliardar i 2016. I mange tiår satsa landet sterkt på å avgrensa folketalet, og det er venta at veksten vil stoppa rundt 2030. Ekteparet på denne gamle propagandaplakaten viser fram attesten til dei ektepara som følgjer oppfordringa frå styresmaktene om berre å få eitt barn.

Av /KF-arkiv ※.

Kina har gjennom heile historia si hatt ei talrik befolkning. Folketalet var på slutten av Han-dynastiet, omkring år 2 evt., oppgitt til 59,6 millionar fordelt på 12,2 millionar hushald med ein gjennomsnittleg storleik på 4,87 personar.

Under Song-dynastiet auka befolkninga til over 100 millionar på byrjinga av 1100-talet, før uår og framandstyre reduserte folkemengda. I 1381 hadde landet 59,9 millionar innbyggjarar fordelt på 10,6 millionar hushald med 5,62 personar i kvart. Frå 1400-talet auka folketalet raskt, berre avbrote av krig og naturkatastrofar på midten av 1600-talet. Kina hadde i 1762 meir enn 200 millionar innbyggjarar. I 1803 var talet auka til 302 millionar og i 1834 til 401 millionar, før ufred, framandstyre og svolt igjen reduserte folketalsveksten. I 1950 blei folketalet berekna til 554 millionar.

Før 1949 var både fødselshyppigheita og dødelegheita høg, og folketalet auka forholdsvis moderat. I det første tiåret etter at Folkerepublikken Kina blei etablert (1949), var den årlege folketalsveksten om lag 2 prosent. Sidan tidleg 1970-tal har det vore ført ein aktiv familieplanleggingspolitikk, med oppmuntring til seine ekteskap og frå 1979 til 2015 eitt barn per familie, med unntak av nasjonale minoritetar. Som følgje av denne politikken for små barnetal har fødselshyppigheita gått sterkt ned i dei siste tre tiåra, frå i gjennomsnitt 39 per 1000 innbyggjarar i 1950-åra til 33 per 1000 i 1960-åra, 25 per 1000 i 1970-åra, 12,5 per 1000 i 2003 og 12,1 per 1000 i 2018. Dødelegheita har samstundes halde fram med å minska, likevel ikkje i same tempo, frå i gjennomsnitt 16 per 1000 i 1950-åra til 13 per 1000 i 1960-åra, 8 per 1000 i 1970-åra og 6,4 per 1000 i 2003. Den årlege, naturlege tilveksten har følgjeleg blitt redusert, frå 2,3 prosent i 1950-åra til 2,0 prosent i 1960-åra, 1,7 prosent i 1970-åra, 0,6 prosent i 2003 og 0,37 prosent i 2018. Det er forventa at folketalet vil auka fram til og med 2030, før det byrjar å minka.

Kina i dag består av mange eittbarnsfamiliar, samstundes som prosentdelen eldre aukar kraftig. Til dømes er det venta at talet på personar over 60 år i 2030 vil vera 230 millionar. Den endra alderssamansetninga er utfordrande med omsyn til både pensjon, helse og arbeidsliv.

Frå 2015 har styresmaktene gått bort frå eittbarnspolitikken, delvis grunna bekymring for ei raskt aldrande befolkning. Fødselsraten har likevel vore ganske stabil i Kina sidan midten av 1990-talet, og er cirka 1,7 barn per kvinne (2019). Moglegheita for god utdanning og sosial mobilitet som eitt (eller få) barn per familie gir, kombinert med ein betre utbygd velferdsstat med omsyn til utdanning, helse og pensjon, vil truleg halda fødselsraten låg også i framtida.

Til den kinesiske befolkninga, men ikkje medrekna i folketalet, blir rekna landsmenn i Hongkong, Macao, Taiwan og dei taiwansk-kontrollerte Kinmen- og Matsu-øyane. Omkring 34 millionar kinesarar lever i andre land og har status som oversjøiske kinesarar. I perioden 1500- til 1800-talet utvandra mange til Søraust-Asia. I dag omfattar etterkommarane deira majoriteten av befolkninga i Singapore og eit stort mindretal i Indonesia, Filippinane, Thailand, Vietnam og Malaysia. I nyare tid har kinesarar utvandra til land over heile verda – dei fleste til USA, Canada, Australia og andre vestlege land.

Busetjingsmønster og etnisk samansetning

Han-kinesere
Han-kinesere i tradisjonelle drakter kalt hanfu.
Av .
Lisens: CC BY SA 4.0

Kinesarar er alle personar som høyrer heime innanfor dei kinesiske grensene, uavhengig av etnisitet. Likevel omfattar kinesarar ei rekkje ulike etniske og språklege grupper. Majoritetsbefolkninga blir kalla han-kinesarar (eigentleg berre «han») og utgjer 91,5 prosent av folket (2010). I dag er han-kinesarane i fleirtal i alle provinsar og autonome regionar bortsett frå Xinjiang og Tibet.

56 etniske grupper har status som nasjonale minoritetar, og utgjer 8,5 prosent av folketalet (2010). Mange av dei er busette i strategisk viktige grenseområde som samstundes er rike på naturressursar.

Mange regionar og provinsar med nasjonale minoritetar har autonom status med visse politiske og kulturelle rettar. Fem autonome regionar er oppretta for nokre av dei største minoritetane: Indre Mongolia (Nei Mongol) for mongolane, Guangxi for zhuangane, som etnisk er i slekt med folket i Thailand, Xinjiang for dei tyrkisk-talande uigurane, Ningxia for hui-folket, som er etterkommarar av han-kinesarar som blei omvende til islam på 700-talet, og Tibet (kinesisk Xizang) for tibetanarane.

Andre store folkegrupper

Uigurar demonstrerer
Uigurar, ein av minoritetane i Kina, demonstrerer mot kinesiske styresmakter i Ürümqi, Xinjiang, juli 2009, etter at ein samanstøyt mellom kinesisk politi og uigurar hadde drepe 156 uigurar nokre dagar tidlegare.
Av /NTB Scanpix.
Yi
Kinesisk kvinne av folkegruppa yi i tradisjonelle klær.
Yi
Av .
Lisens: CC BY SA 3.0
  • Nordaust-Kina: mandsjuane, som erobra Kina på 1600-talet, men som no i stor grad er assimilert i det han-kinesiske samfunnet, og koreanarar som har emigrert til Mandsjuria i hundreår
  • Sør-Kina: miao, som er i slekt med fjellfolka i Indokina og som hovudsakleg lever i fjellområda i Guizhou og Hunan, vidare tujia, som tilhøyrer den tibeto-burmanske språkgruppa og lever i grenseområda mellom Hunan, Hubei og Sichuan, og li, som lever i det indre av øya Hainan
  • Sørvest-Kina: yi, som tilhøyrer den tibeto-burmanske språkgruppa og lever i Yunnan og det sørlege Sichuan, og fjellfolka yao og dai som begge er i slekt med thaifolket
  • Nordvest-Kina: tyrkiskspråklege kasakhar
  • Guangdong og Fujian: folkegruppa hakka, som ikkje blir rekna som nasjonal minoritet

Separatisme

Den kinesiske anerkjenninga av nasjonale minoritetar har som utgangspunkt at Kina er ein kulturelt pluralistisk sivilisasjon; det blir ikkje tillate noka form for politisk separatisme blant nokon av dei nasjonale minoritetane.

Ti største byar

Folketala er henta frå dei offisielle nettsidene til dei respektive byane.

By Innbyggjarar
Shanghai 24,3 millionar (2019)
Beijing 21,7 millionar (2017)
Shenzhen 13 millionar (2018)
Guangzhou 14,9 millionar (2018)
Tianjin 15,6 millionar (2018)
Chengdu 16,3 millionar (2018)
Wuhan 11 millionar (2018)
Dongguan 8,3 millionar (2017)
Foshan 7,3 millionar (2018)
Hangzhou 9,8 millionar (2018)

Ti største minoritetar i folketal (2010)

Minoritet Talet på i millionar (2010) Prosent av folketalet i landet
zhuang 16,93 1,27
hui 10,58 0,79
mansju 10,38 0,78
uigur 10.07 0,76
miao 9,43 0,71
yi 8,71 0,65
tujia 8,35 0,63
tibetanar 6,28 0,47
mongolar 5,98 0,48
dong 2,88 0,22

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg