Kim er eit mannsnamn som kan vere kortform av Joakim eller det engelske Kimberley (som både er er eit kvinnenamn og mannsnamn). Kim kan dessutan vere kortform av det engelske Kimball som opphavleg er eit slektsnamn.

Les om kvinnenamnet Kim.

Namnedag er 20. mars. Joakim har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Kim

Kulturell bruk

  • Kim er helten i Rudyard Kiplings roman «Kim» (1901).

Kjende personar med namnet Kim

Eit utval personar med namnet Kim, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 9 040 menn i Noreg som hadde Kim som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Kim var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 7 gutar som fekk namnet Kim.

Utvikling i bruk av namnet

Dei engelske einstava namna hadde toppfasen sin i siste halvdel av 1900-talet, til dømes Jack, Tom, Frank, Roy, Ken, Jim, Kay, Glenn, Kim, Tim og Chris. Dette står i motsetning til ein god del av dei einstava nordiske namna som hadde toppfasen sin før 1950, til dømes Alf, Karl, Kjell, Leif, Odd, Bjørn, Rolf, Jarl og Svein.

Utvikling i bruk av namnet Kim frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kim frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg