Faktaboks

Kazuo Ishiguro
Uttale
ishigˈuro
Fødd
1954, Nagasaki, Japan
Portrett av Ishiguro
Kazuo Ishiguro i forbindelse med en spesialvisning av filmen Never Let Me Go, basert på boken hans, i New York, september 2010
Portrett av Ishiguro
Av /AP, SCANPIX.
Bokomslag
CappelenDamm.

Kazuo Ishiguro er ein britisk forfattar, fødd i Nagasaki i Japan av japanske foreldre. Etter debuten i 1982 med romanen Skumring over landskapet har han skrive ei rekke romanar som har plassert han sentralt i britisk samtidslitteratur. I 1989 mottok han Bookerprisen for romanen Resten av dagen. Han blei tildelt Nobels litteraturpris i 2017.

Gjennom fiksjonen han skriv, tar Ishiguro opp vesentlege spørsmål som minne og etterspel etter andre verdskrigen, klasse, kloning og kultur- og kjønnsforskjellar. Han er ein moralsk forfattar, men utan å bli moralist. Snarare enn å halde fram éin verdi, viser han korleis ulike verdiar og syn finst jamsides og i konflikt med kvarandre. Tematikken i bøkene hans har eit markert etisk innslag prega av solidaritet med dei svake. Den er skapt gjennom ein original forteljemåte der perspektivet til forteljaren blir kopla til dei andre litterære personane sine ulike perspektiv.

Bakgrunn

Då Ishiguro blei fødd i Nagasaki i 1954, var det mindre enn ti år sidan byen 9. august 1945 blei øydelagd av den amerikanskproduserte atombomba som førte til japansk kapitulasjon og avslutninga av andre verdskrigen. Tre generasjonar budde tett saman i Ishiguros familie, som overlevde atombomba, men som blei sterkt prega av krigen Japan tapte.

Då Ishiguro var seks år gammal, flytte familien frå Nagasaki til Storbritannia. Her gjennomlevde han siste del av barndommen og tenåra i ein familie der foreldra snakka japansk i ein engelsk språkkontekst. Etter fullført skulegang reiste Ishiguro eit år rundt i USA og Canada, før han tok til å studere ved University of Kent. Han studerte vidare ved University of East Anglia, der kurs i «creative writing» ved forfattarane Malcolm Bradbury og Angela Carter blei avgjerande for utviklinga hans som forfattar. I tillegg til romanane, som han er mest kjend for, har Ishiguro skrive noveller, songar og filmmanus. Tidleg på 1980-talet var han aktiv i sosialt arbeid, der han møtte ho som skulle bli kona hans, Lorna MacDougall. Han vart britisk statsborgar i 1983 og bur i London.

Forfattarskap

Debut

Debutromanen Skumring over landskapet (originaltittel A Pale View of Hills, 1982, norsk utgåve i 1985) viser fleire særtrekk ved Ishiguros forteljekunst. Førstepersonsforteljaren Etsuko, som bur i England, fortel om tida ho var i Nagasaki etter bombinga i 1945. Forteljehandlinga til Etsuko tar form av ei minnehandling: Gjennom forteljinga kjem minna tilbake, men det er vanskelege minne som ikkje nødvendigvis er heilt pålitelege. At Etsuko delvis er klar over det, gjer henne meir kompleks og truverdig både som forteljar og som hovudperson. Ved å la Etsuko innsjå at ho kan ha hugsa feil, og at det er ting ho kanskje verken kan eller vil hugse, viser Ishiguro kor avgrensa og ufullstendig berre éi framstilling og eitt perspektiv er.

Handlinga i Ishiguros neste roman, Kunstner i den flytende verden (An Artist of the Floating World, 1986, norsk utgåve i 1987), utspelar seg også i Japan. Den viktigaste historiske hendinga som er nemnd i den fiktive teksten – Japans kapitulasjon etter den andre verdskrigen – dannar ein uklar bakgrunn for forteljinga. Den tar form av ei slags dagbok der forteljaren, den aldrande kunstnaren Ono, i fire forskjellige situasjonar presenterer historier som utfyller, modifiserer og korrigerer kvarandre.

Resten av dagen – eit hovudverk

I Resten av dagen (originaltittel The Remains of the Day, 1989,norsk utgåve i 1990), Ishiguros mest kjende roman og eit hovudverk i forfattarskapen, slår familiens minne om krigen i Japan inn i og forsterkar interessa hans for den delen av verdskrigen som utspela seg i Europa. Forteljaren i Resten av dagen er hovudpersonen Stevens, ein aldrande butler på eit gods som har vore i lord Darlingtons eige. Då romanen opnar i 1956, startar Stevens ein biltur vestover frå godset i Oxfordshire. Forteljinga hans orienterer seg bakover i tid til perioden mellom dei to verdskrigane som så sterkt har prega Storbritannia. Det viser seg gradvis at lord Darlingtons aktivitetar i mellomkrigstida inkluderte vid kontakt med Tyskland, og etter 1933 også med Nazi-Tyskland. Stevens knyter identiteten sin og verdigheita si til det å tene lord Darlington, men aktivitetane til lorden gjer denne støtta meir problematisk enn Stevens likar å vedgå. Problematisk er også forholdet hans til miss Kenton, som er assisterande butler på godset, og som han på køyreturen vestover til slutt møter. Ein undertone av resignasjon pregar romanen. Gjennom forteljehandlinga avslører Stevens store kommunikasjonsproblem, ikkje minst med miss Kenton, som kanskje kunne ha gitt han eit heilt anna liv enn det han tenkjer tilbake på og fortel om. Resignasjonen slår også inn i måten Ishiguro presenterer klasse- og kjønnsforskjellar på. Romanen viser korleis desse forskjellane forsterkar kommunikasjonsutfordringane Stevens har.

Den britiske filmregissøren James Ivory lanserte i 1993 ein filmadaptasjon av The Remains of the Day. I hovudrollene var Anthony Hopkins som butleren Stevens og Emma Thompson som miss Kenton. Filmen, som blei godt mottatt og fekk åtte Oscar-nominasjonar, var medverkande til å gjere Ishiguro internasjonalt kjend som forfattar.

Identitetsproblematikk

De utrøstelige, utgitt i 1995 (originaltittelThe Unconsoled, norsk utgåve i 1995) er meir krevjande å lese enn dei tre første bøkene. For her orienterer ikkje forteljinga seg bakover i tid, men vandrar snarare rastlaust rundt i ei kaotisk notid. Ein kjend pianist kjem til ein ikkje namngitt europeisk by. Han går frå éin konsert til ein annan, frå eitt møte til eit anna, i det som både på handlingsplanet i romanen og i hovudpersonens bearbeiding av handlinga framstår som eit usamanhengande kaos. Identitetsproblematikk står sentralt i romanen, som den også gjer i den neste, Tilbake til Shanghai (originaltittel When We Were Orphans, 2000, norsk utgåve i 2000). Her roterer plottet rundt hovudpersonen Christoper Banks' forsøk på finne ut kvifor og korleis foreldra hans blei borte i Shanghai då han var om lag ti år gammal. Sidan Banks startar dette forsøket som vaksen og etter utdanning i Storbritannia, tar plottet form av ei søkjande rørsle austover i rom og bakover i tid. Spørsmål om identitet og livssamanheng står sentralt her òg.

Gå aldri fra meg – ein dystopisk framtidsroman

Gå aldri fra meg frå 2005 (originaltittel Never Let Me Go, norsk utgåve i 2006) er ein dystopisk framtidsroman der forteljaren, ei skulejente, tar oss med til ein internatskule ute på landet i England. Først verkar alt normalt, men gradvis forstår lesaren at desse barna ikkje er normale, men derimot ein slags klonar som seinare som «vaksne» endar opp som donorar av organ til levande menneske. Sidan dei lengtar etter eit normalt liv, synest dei å ha kjensler, men dei framstår som gåtefulle og skremmande figurar. Endå meir skremmande er systemet, og personane i systemet, som har skapt klonane og tatt frå dei eit normalt liv. Romanen stiller utfordrande etiske spørsmål til lesaren. Romanen er ikkje ein svart/kvit dystopi med eindimensjonale «skurkar». Dermed blir systemet og maktapparatet bak kloninga vanskelegare å identifisere og vanskelegare å distansere seg frå, og romanen blir endå meir uhyggeleg.

Filmregissøren Mark Romanek lanserte 2010 ein adaptasjon av Never Let Me Go med Carey Mulligan, Keira Knightley og Andrew Garfield i hovudrollene.

Noveller

Sjølv om Ishiguro primært er romanforfattar, har han også skrive framifrå noveller, som i samlinga Nokturner: fem fortellinger om musikk og skumring frå 2009 (originaltittel Nocturnes: Five Stories of Music and Nightfall, norsk utgåve i 2012). Også i novellene er Ishiguro opptatt av samspelet mellom det stabile og det skiftande i korleis personane opplever og framstiller eigen identitet. Men sidan novella gir forfattaren mindre plass til å utdjupe, nyansere og forklare, blir dei etiske spørsmåla skarpare stilte. Det gjeld blant anna spørsmål om val som personane i novellene tar og prioriteringar dei gjer. Sidan dei i ettertid kanskje er blitt usikre på desse vala og prioriteringane, viser Ishiguro korleis prioriteringar kan endre seg, og korleis personane sine verdiar kan kome i konflikt med kvarandre.

Tematikk og forteljemåte

Eitt element i Ishiguros tematikk slik den nyansert framstår gjennom fiksjonen han skriv, er solidaritet, og særleg solidaritet med den svake, med «outsideren». Den europeiske forfattaren han gjennom dette særtrekket minner sterkast om, er kanskje Franz Kafka (1883–1924), men solidaritet med den eller dei svake er også eit viktig kjenneteikn i britisk romankunst frå Jane Austen (1775–1817) og framover. For Ishiguro inneber solidaritet respekt, inkludert respekt for verdigheita til ein person. Solidaritet er hos Ishiguro også nært knytt til ansvar og medansvar. Det er inga skarp grense mellom helt og skurk i dei fiktive universa Ishiguro skaper. Stiller ein seg kritisk til eit karaktertrekk ved ein av romanpersonane hans, kan ein i neste omgang bli tvungen til å innsjå at det er eit karaktertrekk ein sjølv har del i.

Eit stikkord for koplinga mellom tematikken i fiksjonen til Ishiguro og måten han presenterer denne fiksjonen på, er perspektiv. Førstepersonsforteljarane han brukar i dei fleste av forteljingane, fortel frå sitt eige perspektiv: Dei formidlar sin eigen måte å oppleve personar, hendingar og handlingar på. Dette perspektivet treng ikkje vere feil, men det er nødvendigvis avgrensa, og Ishiguro viser korleis det er berre eitt av fleire mogelege perspektiv.

Fiksjonen Ishiguro skriv, viser korleis ulike verdiar eksisterer ved sida av kvarandre, korleis dei kan kome i konflikt med kvarandre, og korleis dei kan vanskeleggjere menneskeleg kommunikasjon. Sidan desse spørsmåla er presserande i Europa i det 21. hundreåret, er Ishiguros bøker slåande relevante. Trass i trekk av resignasjon viser dei også glimt av håp. På ei og same tid er Ishiguro både ein britisk og ein internasjonal forfattar.

Bibliografi

  • A Pale View of Hills, 1982 (norsk utgåve Skumring over landskapet, 1985)
  • An Artist of the Floating World, 1986 (norsk utgåve Kunstner i den flytende verden, 1987)
  • The Remains of the Day, 1989 (norsk utgåve Resten av dagen, 1990)
  • The Unconsoled, 1995 (norsk utgåve De utrøstelige, 1995)
  • When We Were Orphans, 2000 (norsk utgåve Tilbake til Shanghai, 2000)
  • The Saddest Music in the World, 2003
  • Never Let Me Go, 2005 (norsk utgåve Gå aldri fra meg, 2006)
  • The White Countess, 2005
  • Nocturnes, 2009 (norsk utgåve Nokturner: fem fortellinger om musikk og skumring, 2012)
  • The Buried Giant, 2015 (norsk utgåve En kjempe begravd, 2016)
  • Klara and the Sun, 2021 (norsk utgåve Klara og solen, 2021)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Alexander, Michael. A History of English Literature. 3. utg. London: Palgrave Macmillan, 2013.
  • Jaggi, Maya. «Kazuo Ishiguro Talks to Maya Jaggi». Wasafiri 22 (1995), 20–24.
  • Lewis, Barry. Kazuo Ishiguro. Manchester: Manchester University Press, 2000.
  • McCrum, Robert. «My friend Kazuo Ishiguro: An artist without ego, with deeply held beliefs». Les hos The Guardian
  • Newton, Adam Zachary. Kapittel om Ishiguros The Remains of the Day i Narrative Ethics. Cambridge, MA: Harvard University Press, 1995.
  • Phelan, James. Kapittel om Ishiguros The Remains of the Day i Living to Tell about It. Ithaca: Cornell University Press, 2005.
  • Wong, Cynthia F. Kazuo Ishiguro. 2. utg. Tavistock: Northcote House, 2005.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg