Kate er eit kvinnenamn som er engelsk kortform av Catherine som lengst bak har opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar: Cate, Cathe, Kate, Kathe, Ket, Keth.

Namnedag er 18. desember. Kristoffer har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Kate

Kulturell bruk

  • Operetten «Kiss me Kate» (1948) av Cole Porter.

Kjende personar med namnet Kate

Eit utval personar med namnet Kate, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 295 kvinner i Noreg som hadde Kate som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 4 jenter som fekk namnet Kate.

Utvikling i bruk av namnet

Dei fleste namna med berre éi staving er nordiske. Eit av dei få unntaka er det engelske Kate. Dei fleste har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1935–1974, og dette gjeld også Kate som var på topp 1955–1959.

Utvikling i bruk av namnet Kate frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Kate frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg