Karl er eit gammalt fellesgermansk mannsnamn som tyder ‘fri mann’. Opphavleg var Karl truleg eit tilnamn.

Namnet har fleire variantar: Carl, Karl.

Namnedag er 28. januar. Karoline har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Karl

Eit utval personar med namnet Karl, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 8 877 menn i Noreg som hadde Karl som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Karl var blant dei hundre mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 37 gutar som fekk namnet Karl.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Karl og Carl slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Carl og Karl var mykje brukte i siste del av 1800-talet, og i perioden 1875–1899 låg desse namneformene (når dei er slått saman) på 3. plass på ranglista. Dei avvik frå dei fleste andre einstava namna ved at dei var på topp i siste halvdel av 1800-talet, mens hovudtyngda av dei einstava nordiske mannsnamna hadde toppfasen sin innanfor perioden 1920–1979, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf. Éin grunn til dette avviket kan vere kongeleg påverknad på namngivinga : Kong Karl Johan var felles svensk-norsk konge 1818–1844.

Utvikling i bruk av namnet Karl frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Karl frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karl på 1800-talet.

Karl var mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karl på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Karl var mest brukt i Kristiania. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Carl.)

Historisk bruk av namnet Karl
Historisk bruk av namnet Karl
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg