Karin er eit kvinnenamn som er nordisk (særleg svensk) form av Karina. Namnet har lengst bak opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar: Carin, Karen, Kari, Karin, Karn.

Namnedag er 2. august. Karen har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Karin

Eit utval personar med namnet Karin, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 11 089 kvinner i Noreg som hadde Karin som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Karin var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 9 jenter som fekk namnet Karin.

Utvikling i bruk av namnet

Det vil ha interesse å presentere i same diagram det norske Kari, det danske Karen og det svenske Karin. Alle desse namna har felles opphav, helgennamnet Katarina. Den svenske forma Karin fekk i motsetning til den danske parallellforma Karen ein sterk auke tidleg på 1900-talet. Namnet hadde toppfasen sin 1940–1944, og dette er same topp-periode som for Kari på 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Karin frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Karin frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karin på 1800-talet.

Karin var klart mest brukt i Rogaland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karin på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Karin var klart mest brukt i Rogaland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Carin.)

Historisk bruk av namnet Karin
Historisk bruk av namnet Karin
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Otterbjörk, Roland 1979: [Svenska förnamn]. Kortfattat namnlexikon. Skrifter utgivna av Svenska språknämnden. Tredje upplagan. Stockholm.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg