Karen er eit dansk kvinnenamn som lengst bak har opphav i det greske Aikaterine. Tydinga til namnet er usikker, men det vart tidleg sett i samband med gresk katharos som tyder ‘rein, kysk’.

Namnet har fleire variantar: Carin, Karen, Kari, Karin, Karn.

Namnedag er 2. august. Karin har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Karen

Eit utval personar med namnet Karen, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 6 047 kvinner i Noreg som hadde Karen som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 9 jenter som fekk namnet Karen.

Utvikling i bruk av namnet

Det vil ha interesse å presentere i same diagram det norske Kari, det danske Karen og det svenske Karin. Alle desse namna har felles opphav, helgennamnet Katarina. Den danske forma Karen låg som nr. 2 på ranglista 1825–1829 og har deretter hatt ein gradvis tilbakegang. Dette står i motsetning til den norske forma Kari som fekk ein topp 1940–1944. I folketeljingane for 1800-talet står Karen i ein del tilfelle for Kari, noko som inneber at kurva for Kari på 1800-talet i realiteten ligg for lågt, og Karen for høgt.

Utvikling i bruk av namnet Karen frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Karen frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karen på 1800-talet.

Karen var mest brukt i Akershus og Hedmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Karen på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Karen var mest brukt i Akershus og Hedmark. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Caren.)

Historisk bruk av namnet Karen
Historisk bruk av namnet Karen
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg