Kamilla er eit kvinnenamn som går tilbake til det romerske slektsnamnet Camill-us/-a av etruskisk opphav. I latin tyder ordet camilla ‘jente som hjelper til ved ofringar’.

Namnet har fleire variantar: Camila, Camilla, Kamila, Kamile, Kamilla, Kamille.

Kjende personar med namnet Kamilla

Eksempel på ein person med namnet Kamilla som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 2 328 kvinner i Noreg som hadde Kamilla som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 11 jenter som fekk namnet Kamilla.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Camilla og Kamilla slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Stavevarianten Kamilla nådde toppen seinare enn Camilla. Mens Camilla var på topp 1975–1979, var varianten Kamilla mest populær i 1990-åra. Sidan år 1900 har Camilla vore brukt 5,5 gongar meir enn Kamilla.

Utvikling i bruk av namnet Kamilla frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Kamilla frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kamilla på 1800-talet.

Kamilla var mest vanleg i Kristiania og Bergen.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Kamilla på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Kamilla var mest vanleg i Kristiania og Bergen. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Camilla.)

Historisk bruk av namnet Kamilla
Historisk bruk av namnet Kamilla
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg