Faktaboks

Kaare Fostervoll
Fødd
3. desember 1891, Kristiansund
Død
6. juli 1981, Oslo
Verke
Skolemann, politiker og kringkastingssjef
Familie

Foreldre: Skolestyrer og gårdbruker Kristen Fostervold (1856–1920) og Anna Karoline Kvande (1863–1941).

Gift 1.12.1928 med telegrafist Herbjørg Rannei Torjuul (2.7.1902–2.1.1996), datter av telegrafformann Kristen Torjuul (1875–1919) og Petra Ingebrigtsen (1875–1925).

Svigerfar til Fritz Røed (1928–2002).

Kaare Fostervoll

Foto 1956. Bilde fra Norsk biografisk leksikon

Kaare Fostervoll
Av /NTB Scanpix ※.
Kaare Fostervoll
Av /Stortingsarkivet.

Kaare Fostervoll var ein norsk skulemann, målmann og politikar for Arbeidarpartiet. Han var statsråd fra 1945 til 1948. Deretter var han den første kringkastingssjefen i NRK (1948–1962), og var mannen som fekk fjernsynet til Noreg.

Utdanning og tidleg karriere

Fostervoll tok examen artium i Kristiansund i 1910 og deretter lærarskuleeksamen i Volda. Etter fleire år som folkeskule- og folkehøgskulelærar rundt omkring i landet drog han til Kristiania for å studere ved universitetet. Han vart cand.philol. i 1927 med ei hovudoppgåve i historie om «arbeidarskandinavismen». Fostervoll var ein aktiv student og var mellom anna formann i Studentmållaget 1919–1920 og i Studentersamfundet hausten 1923 – som den første målmannen nokon gong. Han var sosialist og tilslutta Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti før partisamlinga i 1927.

Etter studia drog Fostervoll til Nordfjord, der han var rektor ved Firda Gymnas i 11 år. Frå 1938 var han rektor ved Ålesund offentlige høyere almenskole, men vart etter press frå NS-hald avsett i 1941 (sjå lærarstriden). Etter andre verdskrig gjekk han for fullt inn i politikken og vart vald inn som stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet for byane i Møre og Romsdal i 1945. Han var kyrkje- og undervisningsminister i Einar Gerhardsens første og andre regjering, i åra 1945–1948.

Folkeopplysing og skulepolitikk

Fostervoll stod sentralt i norsk folkeopplysing på 1900-talet, med sitt livslange virke for skule og kringkasting. Som ung rektor var han aktiv i den sentrale skulepolitikken, både som medlem av Plankomiteen for den høgre skulen og det overordna nasjonale Undervisningsrådet. Fostervoll arbeidde for eit differensiert system med realskular, yrkesskular, folkehøgskular og framhaldsskular etter den sjuårige einskapsskulen, og han meinte at gymnaset ikkje kunne vere ein skule for alle.

Som kyrkje- og undervisningsminister stod Fostervoll bak opprettinga av Statens lånekasse for studerande ungdom og Samordningsnemnda for skuleverket, i tillegg til det andre universitetet i Noreg – Universitetet i Bergen.

Den første kringkastingssjefen

Også leiinga av NRK vart fastlagd i Fostervoll si tid som statsråd. Spørsmålet var om leiinga i første rekkje skulle ha journalistisk eller administrativ kompetanse. Tanken om at kringkastinga burde leiast av ein person som hadde det øvste ansvaret både for program og administrasjon – ein samlande kulturpersonlegdom som sameinte kulturell innsikt med administrativt skjønn – hadde lege på bordet sidan før andre verdskrigen. Ein slik kringkastingssjef vart det først noko av då Kyrkje- og undervisningsdepartementet – leidd av statsråd Fostervoll – stilte seg bak tanken i 1948. Trass i motstand i styret for NRK dreiv Fostervoll saka fram til lovendring.

Tre dagar etter at lovendringa vart sett i verk 25. juni 1948, gjekk han ut av regjeringa og vart sjølv utnemnd til den første kringkastingssjefen i landet. Fostervoll var den første i ei lang rekkje kringkastingssjefar med bakgrunn frå Arbeidarpartiet, og det var bak i kulissane i partiet at det vart avgjort kven som skulle få stillinga. Sjølv ønskte Fostervoll å verte sitjande i regjeringa til Gerhardsen, men bøygde seg for eit samrøystes sentralstyre i partiet. Dei ønskte ein av sine eigne kulturpolitikarar på toppen i NRK.

Kringkastinga hadde ei språkleg oppgåve som normskapande instans, og med målmannen Fostervoll som leiar vart NRK konsolidert som samnorsken sitt andre «hovudinstrument», i tillegg til skulen.

Innføringa av fjernsynet

Det var politikaren Fostervoll som greip leiinga på Marienlyst. Eit politisk skjønn skar oftare enn før igjennom der sakene tidlegare hadde vorte utgreidde i det vide og breie. Fostervoll var ein streng, men smidig og respektert sjef. Han tok med seg både politikken og skulestova inn i kringkastinga, og han styrte den viktigaste kulturinstitusjonen i Noreg med fast hand i fjorten år.

Fostervoll sat som kringkastingssjef under radioens glansperiode i Noreg. Radioen vart allemannseige i 1950-åra, og med det vart kringkastinga ein viktig maktfaktor i samfunnet. Likevel, Fostervoll si største sak som kringkastingssjef gjaldt ikkje radioen, men innføringa av fjernsynet. Etter ein studietur i USA gjekk han i spissen for utbygginga og loste saka hendig fram mellom skeptikarar og byråkratar. Det var ei storhending då norske fjernsynssendingar offisielt tok til 20. august 1960.

Utgjevingar

Fostervoll ga i 1935 ut Arbeidarskandinavismen i grunnleggingstida, var medarbeidar i Stortingets historie 1814–1964 og redigerte festskriftet Mot rikare mål. Den norske folkehøgskulen 1864–1964 (1964). Som pensjonist gav han mellom anna ut boka Norges sosialdemokratiske Arbeidarparti 1921–1927.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Almenningen, Olaf o.fl. (red.): Målreising i 75 år. Noregs mållag 1906–1981. Oslo 1981
  • Boyesen, Einar o.fl. (red.): Festskrift til Kaare Fostervoll på 70-årsdagen. Oslo 1961
  • Dahl, Hans Fredrik og Bastiansen, Henrik G.: NRKs historie, bd. 3: Over til Oslo. NRK som monopol 1945–1981. Oslo 1999
  • Gjærde, Asbjørn: «Den første kringkastingssjefen», i Kjølås, Harald (red.): 100 år 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Ålesund 2000
  • Slagstad, Rune: De nasjonale strateger. Oslo 1998

Faktaboks

Kaare Fostervoll
Historisk befolkingsregister-ID
pf01036748014093

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg