Faktaboks

Joseph Conrad
Født Jozef Teodor Konrad Korzeniowski
Uttale
kˈånræd
Fødd
3. desember 1857, Berdytsjiv, Det russiske imperiet (nå Ukraina)
Død
3. august 1924, Bishopsbourne, Kent, England
Joseph Conrad 1904
Av .

Joseph Conrad var ein britisk forfattar. Etter debuten med romanen Almayer’s Folly (1895) utvikla Conrad seg raskt til ein original og nyskapande forfattar, og Heart of Darkness (1899) og Lord Jim (1900) er to av dei viktigaste romanane han skreiv. Joseph Conrad er ein viktig representant for angloamerikansk og europeisk modernisme og eit sentralt referansepunkt i postkoloniale studiar.

Biografi

Józef Teodor Konrad Nałęcz Korzeniowski vart fødd inn i eit land som ikkje eksisterte som sjølvstendig nasjon, og begge foreldra hans døydde tidleg som resultat av motstand mot det undertrykkjande russiske regimet. 17 år gammal emigrerte Conrad: først til Marseille, der han budde i knapt fire år, og så vidare til Storbritannia. Her starta han frå botnen som sjømann i den britiske handelsflåten. Med seglskip gjorde han mange sjøreiser, særleg til Austen. I 1886 tok han kapteinssertifikat, og same året blei han britisk statsborgar.

I 1895 debuterte Conrad som forfattar (på engelsk, sitt tredje språk), og dei neste 20 åra skreiv han ei rekkje romanar og noveller som i tillegg til å plassere han sentralt i den europeiske modernismen og i utviklinga av den moderne romanen, har gjort han til eit sentralt referansepunkt i postkoloniale studiar. Han gifte seg i 1896 med Jessie, ei engelsk kvinne som han fekk to barn med, og budde ein stor del av resten av livet i Kent i Søraust-England. Han er gravlagd på den katolske delen av kyrkjegarden i Canterbury.

Forfattarskap

Conrad kunne ikkje ha skrive Heart of Darkness, som er blitt ei av dei mest siterte bøkene i engelskspråkleg litteratur, utan ei reise han gjorde til «Fristaten Kongo» i 1890. Som styrmann på ein elvebåt på Kongoelva blei Conrad sjokkert over valdsbruken til det belgiske regimet i Kongo. I Heart of Darkness møter den fiktive personen og forteljaren Marlow, som også er styrmann på ein elvebåt på elva Kongo, handelsmannen Kurtz: den framståande representanten for europeisk sivilisasjon, som langt inne i jungelen er blitt ein mordar og barbar. Mørkets hjerte er eit sviande åtak på europeisk imperialisme og ein litterær refleksjon over motiva for og konsekvensane av valdeleg undertrykking.

Conrad brukar også Marlow som forteljar i Lord Jim. Gjennom eksperimenterande modernistisk skrivekunst presenterer Conrad via Marlow og andre forteljarar historia om hovudpersonen Jim, som sviktar oppdraget sitt som styrmann og som brukar resten av livet på å rette opp den fatale feilen han gjorde. Medan Lord Jim primært er ein psykologisk studie som gjennom narrativ eksperimentering undersøkjer etiske spørsmål, vidarefører romanen Nostromo (1904) imperialismekritikken i Heart of Darkness. I Nostromo er handlinga lagt til ein fiktiv søramerikansk republikk der den britiske kapitalisten Charles Gould driv ei sølvmine. Men sidan Gould er avhengig av nordamerikansk kapital, er det den amerikanske millionæren Holroyd som kontrollerer sølvmina – og langt på veg landet. Slik viser Conrad korleis USA overtar som imperialistisk stormakt etter Storbritannia – medan utbyttinga av fattige nasjonar held seg stabil. Kona til Gould er den mest intelligente av romanpersonane og også den med størst etisk integritet, men Emilia Gould er ikkje i ein maktposisjon som gjer det mogleg for henne å snu samfunnsutviklinga i positiv retning.

Conrads to viktigaste romanar etter hovudverket Nostromo er The Secret Agent (1907) og Under Western Eyes (1911), omsette til norsk som Provokatøren og Razumov. Provokatøren, ein studie i politisk terrorisme med handlinga lagt til eit anarkistmiljø i London, er uhyggeleg aktuell. Hovudpersonen i Under Western Eyes er ein student ved Universitetet i St. Petersburg som etter å ha meldt ein medstudent til tsarpolitiet for å ha drepe statsministeren med ei bombe, blir sendt til Genève for å spionere på ei gruppe russiske revolusjonære. Medan framstillinga i The Secret Agent er gjennomført ironisk (den einaste som slepp unna forteljarens ironi er Stevie, ein mentalt tilbakeståande gut som blir eit terroroffer), brukar Conrad i Under Western Eyes ein vesteuropeisk forteljar med avgrensa kjennskap til Russland og russisk tankesett. Slik fokuserer han som romantittelen signaliserer på språk – både som kommunikasjonsmiddel og som eit hinder for kommunikasjon.

Den viktigaste av Conrads seinare bøker er kortromanen The Shadow-Line (1917), omsett til norsk av Bjørg Hawthorn med tittelen Skyggelinjen. At boka er prega av første verdskrigen der sonen Boris deltok, blir tydeleg i dedikasjonen «Til Boris og alle andre som i likhet med ham krysset sin generasjons skyggelinje i sin første ungdom, med kjærlighet».

Conrad var også ein betydeleg essaysist og novelleforfattar, med noveller som «An Outpost of Progress» (ein ironisk tittel som peikar framover mot Heart of Darkness), «The Secret Sharer» og «The Tale».

Tematikk

Samtidig som Conrads bøker er prega av eit skeptisk blikk, er dei kjenneteikna av ein gjennomgripande solidaritet med dei svake og med outsideren. Conrad opponerer gjennom fiksjonen han skreiv mot krefter og personar som etter hans syn representerer og utøver makt på ein kritikkverdig måte, og som han meiner styrer dårleg og tolererer urettferd. Solidariteten hans med dei svake er kopla saman med ei æres- og ansvarskjensle som er påverka av moralkodeksen i den polske landadelen familien hans kom ifrå.

Conrad var skeptisk til rådande tendensar i samtida, særleg den europeiske imperialismen. Men heilt konsekvent var han ikkje, for samtidig støtta han britiske interesser. Særleg forsvarte han Storbritannia mot Tyskland og Russland, som han var kritisk til både generelt og på grunn av undertrykkinga av Polen spesielt. Kulturpolitisk var Conrad konservativ, politisk var han til dels svært radikal. Særleg skeptisk var han til konsekvensane av moderne kapitalisme under imperialismen.

Inspirasjonskjelde og filmadapsjon

Conrad har påverka mange forfattarar i mange land, og han er framleis ei inspirasjonskjelde for forfattarar verda over. Bøkene hans har inspirert framståande filmregissørar som Alfred Hitchcock, som laga filmen Sabotage (1936) basert på The Secret Agent, og Francis Ford Coppola, som laga to versjonar av Apocalypse Now (1979 og 2000) som begge er sterkt inspirerte av Heart of Darkness. I Noreg har blant andre Kjartan Fløgstad og Jan Kjærstad gitt uttrykk for at Conrads bøker har hatt mykje å seie for deira eigne skrivearbeid. Den modernistiske forfattaren han kanskje betydde mest for, amerikanske William Faulkner, vidareførte Conrads forteljetekniske eksperimentering.

Omsetjing

Almayer’s Folly (1895), Heart of Darkness (1899) og Lord Jim (1900) blei først omsette til norsk av Sigurd Hoel; seinare har vi fått meir nøyaktige omsetjingar av Mørkets hjerte og Lord Jim ved Bjørg Hawthorn.

Les mer i Store norske leksikon

Litteratur

  • Fincham, Gail, Jeremy Hawthorn og Jakob Lothe (red.). Outposts of Progress: Joseph Conrad, Modernism and Post-Colonialism. Cape Town: UCT Press, 2015.
  • Hawthorn, Jeremy. Joseph Conrad: Narrative Technique and Ideological Commitment. London: Edward Arnold, 1990.
  • Jasanoff, Maya. The Dawn Watch: Joseph Conrad in a Global World. London: William Collins, 2017.
  • Karl, Frederick R. Joseph Conrad: The Three Lives: A Biography. London: Faber & Faber, 1979.
  • Knowles, Owen & Gene M. Moore (red.). Oxford Reader's Companion to Conrad. Oxford: Oxford University Press, 2000.
  • Lagercrantz, Olof. Färd med mörkrets hjärta: En bok om Joseph Conrads roman. Stockholm: Whalström & Widstrand, 1987.
  • Lothe, Jakob. Conrad’s Narrative Method. Oxford: Oxford University Press, 1989.
  • Lothe, Jakob (red.). Conrad in Scandinavia. New York: Columbia University Press, 1995.
  • Lothe, Jakob. Joseph Conrad. Oslo: Gyldendal, 2002.
  • Lothe, Jakob, Jeremy Hawthorn og James Phelan (red.). Joseph Conrad: Voice, Sequence, History, Genre. Columbus: Ohio State University Press, 2008.
  • Najder, Zdzisław. Joseph Conrad: A Life. Rochester: Camden House, 2007.
  • Najder, Zdzisław. Conrad in Perspective: Essays on Art and Fidelity. Cambridge: Cambridge University Press, 1997.
  • Najder, Zdzisław. Joseph Conrad: A Life. Rochester: Camden House, 2007.
  • Peters, John G. Conrad and Impressionism. Cambridge: Cambridge University Press, 2001.
  • Stape, J. H. (red.). The New Cambridge Companion to Joseph Conrad. Cambridge: Cambridge University Press, 2015.
  • Vulcan, Daphna Erdinast. Joseph Conrad and the Modern Temper. Oxford: Oxford University Press, 1991.
  • Watt, Ian. Conrad in the Nineteenth Century. London: Chatto & Windus, 1980.
  • Watt, Ian. Essays on Conrad. Cambridge: Cambridge University Press, 2000.
  • Watts, Cedric. A Preface to Conrad. London: Longman, 1993.
  • White, Andrea. Joseph Conrad and the Adventure Tradition: Constructing and Deconstructing the Imperial Subject. Cambridge: Cambridge University Press, 1993.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg