Jordbruk i Noreg

Engslått med rundballepressing på Jæren i Rogaland.

Av /NTB Scanpix ※.
Landbruksroboten Thorvald

Den norske, sjølvkøyrande landbruksroboten «Thorvald», utvikla av NMBU og Saga Robotics.

Landbruksroboten Thorvald
Av /Saga Robotics.

Jordbruket i Noreg er sterkt forma av geografien og naturtilhøva i landet. Det er forholdsvis små samanhengande område som eignar seg for jordbruksproduksjon. Det meste ligg langs kysten, langs fjordane og på flatbygdene i innlandet. Av heile landarealet er knapt 3 prosent jordbruksareal, 70 prosent uproduktive område og 20 prosent produktiv skogsmark.

Faktaboks

Etymologi

bruk av jord

Også kjend som

landbruk i Noreg, jordbruk i Norge, landbruk i Norge, norsk jordbruk, norsk landbruk

Tilhøva for jordbruksdrift varierer mykje mellom landsdelane, ikkje minst lengda på vekstsesongen. Korndyrking er mest aktuelt for dei beste jordbruksbygdene i låglandet sørpå. I mange dal-, fjord- og fjellbygder er det bratt og vanskeleg terreng. Golfstraumen gjer det mogleg å drive jordbruk med grasproduksjon og husdyrhald, sjølv i dei nordlegaste områda av landet.

Jordbruksareal og bruk

Jordbruksarealet er per 2022 om lag 9,8 millionar dekar, det vil seie rundt 1,8 dekar per innbyggjar. Jordbruksarealet fordeler seg på fulldyrka jord (8,1 millionar dekar), overflatedyrka eng (0,2 millionar dekar og innmarksbeite (1,6 millionar dekar). Tre prosent av Noregs landareal er i dag dyrka mark – inkludert overflatedyrka jord og innmarksbeite. Av dette er det berre 30 prosent som eignar seg til å dyrke matkorn. I tillegg er det omtrent 12,5 millionar dekar dyrkbar jord. Knapt 60 prosent av jordbruksarealet blir drive av eigarane. I om lag 2000 jordbruksbedrifter, eller på 4,2 prosent av jordbruksarealet, blir det drive økologisk jordbruk.

Noreg er eit utprega småbruksland. Den gjennomsnittlege storleiken på eit bruk er 252 dekar. Det har vore sterk tilbakegang i talet på driftseiningar i jordbruket etter andre verdskrigen, og ekstra sterk tilbakegang sidan slutten av 1990-åra.

I 2019 var det 38 900 driftseiningar med over 5 dekar jordbruksareal i Noreg, noko som var 31 800 færre enn i 1999. I denne 20-årsperioden var det størst nedgang i antalet bruk på mellom 50 og 200 dekar, medan antalet bruk på over 500 dekar var tredobla, frå 1577 til 4759. Dette har dels skjedd ved samanslåing av bruk, dels ved sal av jordbruksjord frå eigedommar der det framleis bur folk eller er nydyrking.

Sysselsetjing

I 2019 var det om lag 38 940 jordbruksbedrifter i Noreg, mot 70 700 i 1999. Ved jordbruksbedriftene blei det i 2018 utført 45 700 årsverk i jord- og hagebruk, noko som svarte til 1,7 prosent av arbeidsstyrken – ein nedgang på elleve prosent frå 2010. I gjennomsnitt hadde bøndene 2149 arbeidstimar per gardsbruk i 2019, og dette er ein auke på seks prosent frå 2010. Til samanlikning stod næringsmiddelindustrien for 46 000 årsverk og 20 prosent av den samla industrisysselsetjinga. Næringsmiddelindustrien er den største fastlandsindustrien i Noreg og den einaste komplette verdikjeda. Det vil seie at alt av arbeid, produksjonsutstyr og råvarer har opphavet sitt innanlands.

Om lag 2,7 prosent av den yrkesaktive befolkninga er sysselsett i jord- og skogbruk. Gjennomsnittsalderen på jordbrukarane i 2019 var 52 år, mot 48 år i 1999. Tendensen er færre jordbrukarar under 40 år, og i 2019 var berre kvar tiande bonde yngre enn 40 år. Når gardsbruk blir overtekne av yngre brukarar, er det ofte moglegheitene for sysselsetjing utanfor garden som forhindrar at bruk blir nedlagde.

To av tre bønder er deltidsjordbrukarar, det vil seie at dei også må ha inntekter utanom landbruket. Tradisjonelt har det vore vanleg å kombinere jordbruk med skogbruk eller fiske, men slike kombinasjonar er sjeldne i dag. Frå 1970-åra har det blitt stadig vanlegare å kombinere gardsdrifta med lønt arbeid eller anna sjølvstendig næringsverksemd. Også i dei beste jordbruksområda er deltidsjordbruk vanleg, mellom anna fordi einsidig kornproduksjon ikkje gir tilstrekkeleg arbeid og inntekt til ein familie. Moderne husdyrhald er også mindre tidkrevjande enn før, men framleis er det vanleg å drive mjølkeproduksjon på heiltid.

Produksjon

NRF
Norsk raudt fe (NRF) er den dominerande storferasen i norsk landbruk.
Høyonn i Vestfold.
Våronn i Hedmark.

Jordbruket, utanom skogbruket, bidrog i 2017 med 0,7 prosent av bruttonasjonalproduktet i Fastlands-Noreg. Om lag 68 prosent av inntektene kjem frå husdyrhaldet (mjølk, kjøt, egg og ull), og 30 prosent kjem frå planteproduksjonen (korn, grønsaker, poteter, høy og halm). Husdyrhaldet dominerer fordi store delar av det dyrka arealet ligg i område der klima og terreng er lite eigna for annan produksjon. Noreg er eit grasland og avhengig av beitebruk og husdyrhald for å utnytte storparten av dei dyrka areala.

Det meste av jordbruksarealet blir derfor nytta til grasproduksjon, for det meste høy- og surfôrvekstar, som også kan vekse i høgareliggjande strøk og langt mot nord. Sidan 1960-talet har det vore ein bevisst politikk å kanalisere husdyrproduksjonen til område som berre eignar seg for slik produksjon. Korndyrkinga går først og fremst føre seg i flatbygdene på Austlandet, på Jæren og i Trøndelag, som blir rekna som dei beste jordbruksdistrikta.

Noregs vanlegaste kornsort er bygg, som utgjer halvparten av kornarealet, men det blir òg dyrka ein god del havre og kveite og litt rug og oljefrø. Mesteparten av kornet blir brukt til dyrefôr, noko til matkorn avhengig av kvaliteten og vêret under haustinga. I klimatisk gunstige år er Noreg nær 80 prosent sjølvforsynt med kveite av bakekvalitet.

Organisering

Norske bønder har organisert seg både gjennom næringsorganisasjonar som skal arbeide for bøndene sine økonomiske, sosiale og kulturelle interesser, og gjennom økonomiske organisasjonar med føremål å kjøpe eller selje varer i bøndene si interesse (landbrukssamvirket).

Norges Bondelag har vel 63 000 medlemmer og Norsk Bonde- og Småbrukarlag om lag 7000 medlemmer per 2019. Dei to organisasjonane forhandlar i fellesskap med regjeringa om den økonomiske utviklinga for bøndene. Resultatet er jordbruksavtalen. Han blir lagd fram for Stortinget i ein proposisjon, anten det ligg føre ein overeinskomst mellom partane eller ikkje. Stortinget løyver det beløpet som må til for å oppfylle vilkåra i proposisjonen, og vedtek jordbruksoppgjeret for det komande året. Samtidig får regjeringa signal om den vidare landbrukspolitiske kursen.

Jordbruksoppgjeret påverkar råvareprisnivået og andre avgjerder i marknaden. Bøndene deltek sjølve i marknaden gjennom landbrukssamvirket. Landbruks- og matdepartementet er ansvarleg for å utbetale støtte til kvalifiserte søkjarar etter vedtekne reglar. Med heimel i omsetningslova har landbrukssamvirket fått i oppdrag å sørgje for ein mest mogleg stabil og balansert marknad for dei mest sentrale jordbruksvarene, som mjølk, kjøt, grønsaker, frukt, bær, poteter og egg.

Arbeidet skjer etter oppdrag frå Omsetningsrådet, som etter dokumentert søknad kan finansiere tiltak for å redusere eit vareoverskot. Pengane blir henta frå fond som er bygde opp av ei avgift som bøndene er pålagde å betale per kilo vare dei leverer. Storleiken på avgifta blir regulert av regjeringa etter tilråding frå Omsetningsrådet. Desto mindre forventa overskot av varer i marknaden, desto lågare blir avgifta.

Utdanning

Det finst vidaregåande opplæring i jordbruksfag gjennom utdanningsprogrammet for naturbruk. Utdanningstilbodet ligg i stor grad ved dei tidlegare fylkeskommunale landbruksskulane, som no er innlemma i det vidaregåande opplæringssystemet. Det finst òg private skular.

Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) på Ås tilbyr høgare forskingsbasert utdanning innan heile spekteret av landbruksfag, det vil seie biovitskap, mat, miljø, natur- og ressursforvaltning, økonomi og landskapsarkitekturbachelor-, master- og doktorgradsnivå. Enkelte statlege høgskular tilbyr studium i landbruksfag.

Det formelle myndigheitsansvaret for landbruksutdanninga ligg hos Kunnskapsdepartementet.

Historikk

Det finst spor etter husdyrhald og åkerbruk i Noreg heilt frå yngre steinalder, cirka 2500 fvt., i form av beinrestar av storfe, sau, geit og hund, og dessutan avtrykk av korn. På den tida var klimaet så mildt at feet gjekk ute heile året. Jordbruket slo for alvor gjennom her i landet i dei siste tusenåra før vår tidsrekning. Jordbruksbusetjing blei vanleg overalt langs kysten der klimaet låg til rette for det.

Busetjinga var tettast enkelte stader langs kysten av Sør-Vestlandet, som på Lista, Jæren og Karmøy. Det blei særleg rydda åker på sjølvdrenerande jord, og avrunda rydningsrøyser er typisk for denne tida. Skogen blei rydda med brenning, og permanente åkerflekkar blei haldne ved like med hakkebruk og trespade. Ardbruk er påvist fleire stader tidleg i bronsealderen, og allereie frå yngre bronsealder må bruk av ard ha vore vanleg i heile Sør-Noreg.

Driftsforma var på mange måtar uendra frå vikingtida til 1700- og 1800-talet. På slutten av 1700-talet kom fleire viktige impulsar til omlegging i jordbruket. Nye vekstar (til dømes fôrnepe og potet), betre kornsortar og seinare også nye reiskapar blei innførte frå cirka 1790 og framover på 1800-talet.

Heilt fram mot 1800 var husdyrhaldet sterkt dominert av storfe, sjølv om sauehaldet hadde auka mykje frå 1750, og geiter var vanlege i nokre bygder. Det var lite grise- og hønsehald. Husdyrbruket var basert på beitebruk. Det var viktig å utnytte fôret slik at det var mange husdyr om våren. Kjøtproduksjonen var basert på at dyra skulle slaktast om hausten. Mjølkekyrne fekk kalv om våren, og dei sveltefôra kyrne gav lite mjølk i innefôringsperioden.

For å unngå at jorda blei utarma, måtte bønder med store åkerareal disponere mykje husdyrgjødsel, alternativt låg åkrane ubrukte kvart tredje–femte år. Kvar enkelt gard var ikkje noko lukka økonomisk system med fullstendig sjølvforsyning. Eigne produkt blei selde, og både nødvendigheits- og luksusvarer blei kjøpte. Eigenproduksjonen av korn dekte ikkje behovet, og omkring 1750 blei det importert korn som også gjekk til jordbruksbygdene.

Skiftet til handelsjordbruk

Det store skiftet til handelsjordbruk kom først med overgangen til bruk av importert kraftfôr i 1890-åra og bruk av kunstgjødsel frå cirka 1915.

På 1800-talet var jordbruket i framgang fordi folketalet auka og fleire var med i arbeidet. Men åkerbruket var òg i sterk utvikling, mest på grunn av overgangen til lukka steingrøfter, men òg fordi det blei innført vekstskifte mellom korn og poteter, noko som førte til sterk avlingsauke. Storfetalet auka med kanskje 50 prosent i åra 1835–1855 og var nokolunde konstant på 950 000 vinterfødde dyr heilt til 1900. Med betre fôring auka den årlege mjølkemengda per ku frå 980 kilo i 1865 til 1500 kilo i 1907. Vidare auke blei ikkje registrert før i 1920-åra. Auken kom i stigande grad av det avlsarbeidet som for alvor blei teke opp rundt 1850.

Opplysningsverksemda gjennom reiseagronomane (frå 1850), landbruksskulane (frå 1825), landbrukshøgskulen (frå 1859) og fagblad hadde innverknad. Men den generelle økonomiske, befolkningsmessige og samferdselsmessige utviklinga var avgjerande.

Utviklinga etter 1900

Bureisingsbruk
Til fram på 1950-talet vart ny jord rydda i form av mindre bureisingsbruk.
Av /Anno Musea i Nord-Østerdal.
Lisens: CC BY SA 4.0
Bruksnedlegging
I dag går jord i marginale strok ut av bruk. Husa går over til fritidsbustader eller blir forlatne. Bilete frå Lofoten.

I første halvdel av 1900-talet blei det fleire bruk på under 50 dekar jordbruksareal gjennom oppdeling og bureising, og det blei færre bruk med meir enn 200 dekar. Sidan 1950-åra har likevel den gjennomsnittlege bruksstorleiken auka, medan bruka har blitt færre. I dei økonomisk vanskelege mellomkrigsåra kom det reguleringsordningar som skulle hindre øydeleggjande lågprisimport av fôr og matvarer. Dette var til dømes kornmonopol og regulering og prisutjamning for mjølk og mjølkeprodukt, noko som bidrog til at landbrukssamvirket gjekk gjennom ei sterk utvikling frå cirka 1930.

Etter andre verdskrigen har norsk jordbruk blitt så å seie fullstendig mekanisert. Talet på sysselsette personar i jordbruket er sterkt redusert, og leigd arbeidshjelp har blitt sjeldan, bortsett frå landbruksvikar- og avløysarordningane. Forbruket av kunstgjødsel og kraftfôr har auka sterkt, og avlinga per arealeining og produksjonen per dyreeining har vist ein tilsvarande auke, også som følgje av plante- og dyreforedling. Spesialisering har avløyst den allsidige jordbruksdrifta frå tidlegare tider.

I dei seinare åra har dei teknologiske og organisatoriske endringane i jordbruket skote fart med innføringa av mjølkerobot, satellittstyrt presisjonslandbruk og utbreidd bruk av datateknologi for fôring og produksjonsstyring. I mjølkeproduksjonen har samdrift blitt ei vanleg driftsform som omfattar om lag 1/3 av mjølkemengda, medan det meste av produksjonen av kylling og egg skjer i store industrihallar.

Bruksnedgangen er stor i alle landsdelar og størst i dei delane av landet der bruka er minst, som på Vestlandet, i dalane og i Nord-Noreg. Leigejord er stadig meir utbreidd og omfattar over 40 prosent av jordbruksarealet.

Arealet til planteproduksjon går ned, og kornarealet minkar sterkt. Kornhaustinga skjer i stigande grad i regi av bønder som driv som entreprenørar, og i frukt- og grøntsektoren er det utbreidd bruk av innvandra arbeidskraft frå EØS-området.

Sjølvbergingsgraden av jordbruksvarer varierer med avlingsnivå og bergingstilhøve. I 2019 var sjølvbergingsgraden 45 prosent, eller 36 prosent når importerte råvarer var trekte frå.

Tabellar

Utvikling i areal: 1900–2019

Alle tal i 1000 dekar.

År Samla jord- bruksareal Kveite Bygg Havre Poteter Fulldyrka eng Eng i alt Innmarksbeite
1900 9880 50 395 970 365 7555 647
1939 10 414 412 468 870 507 8216 904
1959 10 107 93 1407 646 526 4829 6629 1562
1969 9553 38 1847 541 326 4584 6169 1717
1979 9535 170 2001 1007 214 4157 5388 1330
1989 9911 382 1760 1322 189 4385 5478 1139
1999 10 382 516 1826 913 149 4877 6388 1216
2009 10 143 816 1363 810 138 4828 6577 1524
2019 9818 800 1299 548 117 4818 6607 1587

Kjelde: Statistisk sentralbyrå: Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr.

Talet på gardsbruk: 1929–2019

Årstal Bruk i alt Under 50 dekar 50–99 dekar 100–199 dekar 200–299 dekar 300–499 dekar 500 dekar og over
1929 208 550 75 990 36 968 15 762 3263 1581 334
1939 214 378 66 522 45 013 18 782 3659 1773 391
1949 213 441 150 130 42 526 15 597 3240 1569 379
1959 198 315 135 830 42 126 15 074 3281 1900 415
1969 154 977 88 481 42 240 17 938 3922 1900 496
1979 125 302 62 017 32 716 21 632 5652 2576 709
1989 99 382 37 031 24 969 25 330 7928 3266 858
1999 70 740 14 517 16 720 22 286 10 367 5273 1577

Tal før 1999 omfattar gardsbruk med minst fem dekar jordbruksareal i drift. Frå og med 1999 omfattar tala òg gardsbruk med mindre enn fem dekar jordbruksareal i drift, i hovudsak samdrifter med mjølkeproduksjon og hagebruk. For perioden 1929–1959 hadde landbruksteljingane felles kategori for bruk med 200–499 dekar. For desse åra er talet på bruk fordelt etter same forholdstal som i 1959. Ei slik interpolering kan forsvarast ut frå at talet på bruk i denne perioden var relativt stabilt i alle bruksklassar over 50 dekar.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå: Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr.

Talet på husdyr: 1949–2019

Alle tal i 1000.

År Hest Storfe Ku Avlssvin Sau (over 1 år) Mjølkegeit Verpehøns Slaktekylling
1949 197 1205 756 56 3044
1959 116 1099 594 62 834 75 2668
1969 41 972 436 78 838 72 3270 593
1979 21 969 372 86 863 58 3828 1605
1989 17 949 340 84 899 68 3442 3228
1999 27 1033 350 100 955 52 3181 4833
2009 36 878 306 101 908 68 3897 13 159
2019 26 873 310 81 898 65 4559 15 852

Kjelde: Statistisk sentralbyrå: Gardsbruk, jordbruksareal og husdyr.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Almås, Reidar med fleire (2002). Norges landbrukshistorie, fire bind. Bind IV 1920–2000: Frå bondesamfunn til bioindustri
  • Feiring, Trond med fleire (1988). Den norske småbrukaren 1913–1988
  • Rognstad, Ole & Steinset, Trond Amund (2009). Landbruket i Norge. SSB.
  • Rovde, Olav & Gjerdåker, Brynjulv (1995). Hundre år for bygd og bonde 1896–1996, to bind (om Noregs Bondelag)
  • Stubsjøen, Magne (red.) (2000). Vekst og vern: Det kongelige landbruksdepartement 1900–2000

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg