Jon er eit mannsnamn som var svært vanleg alt i mellomalderen. Namnet kjem av Johannes som via det greske I(h)oannes går tilbake til det hebraiske Jochanan med tydinga ‘Gud er nådig’.

Namnet har fleire variantar: John, Jon, Jonn, Jånn.

Namnedag er 24. juni. Hans og Johannes har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Jon

Eit utval personar med namnet Jon, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 16 313 menn i Noreg som hadde Jon som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Jon var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 41 gutar som fekk namnet Jon.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Jon og John slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Jon og John var mykje brukte tidleg på 1800-talet, og i perioden 1800–1819 låg Jo(h)n som nummer 8 på ranglista. Mens stavevarianten John hadde toppfasen sin 1925–1934 på 1900-talet, var Jon mest brukt noko seinare (1965–1969). For både John og Jon fell dette innanfor den perioden (1920–1979) da dei fleste einstava nordiske namna var mest populære, til dømes Bjørn, Dag, Finn, Geir, Jarl, Kjell, Leif/Leiv, Odd, Rolf/Rolv, Stein/Sten, Svein/Svenn og Ulf.

Utvikling i bruk av namnet Jon frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Jon frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jon på 1800-talet.

Jon var mest brukt i Trøndelag.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Jon på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Jon var mest brukt i Trøndelag. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes John.)

Historisk bruk av namnet Jon
Historisk bruk av namnet Jon
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg