Jofrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Jo-fríðr. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘hest’ og etterleddet ‘vakker’.

Dette namnet vart brukt på Island i mellomalderen, men i Noreg vart det fyrst tatt i bruk i 1887.

Namnedag er 12. september. Jorid har også namnedag denne dagen.

Namnestatistikk

I 2022 var det 368 kvinner i Noreg som hadde Jofrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Utvikling i bruk av namnet Jofrid frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Jofrid frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg