Faktaboks

Jesus

Jesus Kristus. Opphavleg er namnet Jesus ei gresk form av Jesj'ua på senbibelhebraisk og arameisk ('Gud frelser'). Kristus er gresk av den jødiske tittelen Messias ('den salva').

Fødd
6 fvt., Betlehem
Død
30 evt., Jerusalem
Levetidskommentar
Vart fødd mellom år 6 og 4 fvt. og døydde mellom år 28 og 33 evt.
Jesus framstilt i mosaikk i Hagia Sofia i Istanbul.
Ikon

Ikon av jomfru Maria og Jesusbarnet frå 500-talet, frå St. Katherines kloster i Egypt.

Jesus og Maria
Madonna ved boka, 1480.
Av .
Jesus vert gravlagd
Jesus vert gravlagd frå 1602–1603.
Den gule Kristus
Den gule Kristus frå 1889 av Paul Gauguin er eit av symbolismens hovudverk.
Korset vert reist
Korset vert reist, triptykhon av Peter Paul Rubens frå 1610.
Av .
Jesus ved Emmaus
Jesus etter oppstoda, måla i 1648.

Jesus blir rekna som utgangspunktet for kristendommen, og er den sentrale skikkelsen i denne religionen. Det er liten tvil om at Jesus har levd og er ein historisk person. Han var frå byen Nasaret i Galilea, men vart ifølgje tradisjonen fødd i Betlehem. Dei viktigaste kjeldene til Jesu liv er evangelia, forteljingane om Jesus i Bibelen. Vi veit ikkje kven som har forfatta dei, men dei byggjer på historier og sitat som var overleverte munnleg. Evangelia gir ulike bilete av Jesus og viser dermed at dei første kristne forstod Jesus på mange ulike måtar.

Jesus var jøde og forstod seg sjølv innanfor ramma av jødisk tradisjon. Dei som følgde Jesus, var jødiske kvinner og menn. Jesus-rørsla var ei protest- og fornyingsrørsle innanfor jødedommen. Etter at Jesus hadde vorte korsfesta, heldt tilhengarane hans fram med å spreie læra hans. Dei var overtydde om at Jesus var oppstått frå dei døde. Med utgangspunkt i Jesus-rørsla oppstod gradvis ein ny religion, kristendommen.

Kristne trur at Jesus er Guds son, som vart menneske for å frelse menneska, og at Jesus er både Gud og menneske. Ifølgje kristendommen kom Jesus med frelse til alle menneske ved å døy på korset. Frelsa byggjer på Guds nåde, det vil seie Guds kjærleik og tilgiving, som gjeld for alle menneske.

Dei sentrale kristne høgtidene er på ulike måtar knytte til Jesus. Jula blir feira til minne om at Jesus vart fødd, ifølgje tradisjonen i ein stall i Betlehem. Kristne trur at Maria, Jesu mor, var jomfru, og at ho hadde vorte med barn ved Den heilage anden.

Påska er den mest sentrale av dei kristne høgtidene. Den markerer Jesu liding, død og oppstode. Den kristne påskefeiringa er knytt til det som ifølgje evangelia skjedde den siste veka Jesus levde: inntoget hans i Jerusalempalmesøndag, då folket i Jerusalem helsa han med palmegreiner; skjærtorsdag, då Jesus åt det siste måltidet sitt saman med disiplane og innførte nattverden; langfredag, då han vart korsfesta og døydde; og påskedag, då han stod opp frå dei døde.

Kristi himmelfartsdag er 40. dag etter påske og markerer dagen då Jesus for opp til himmelen. Ifølgje evangelia skal Jesus ha vist seg for tilhengarane sine fleire gonger etter oppstoda, før han vart teken opp til himmelen.

Pinsa er 50. dag etter påske og markerer at Den heilage anden ifølgje evangelia kom til forsamlinga i Jerusalem. Med dette blir kyrkja grunnlagd. Ifølgje kristendommen er den oppståtte Jesus til stades og verksam i kyrkja gjennom Den heilage anden.

Jesu liv og død

Jesu dåp

Jesu dåp frå cirka 1608. Jan Brueghel måla landskapet, medan Hans Rottenhammer måla menneska.

Av .

Kjeldene

Kjeldene til Jesu liv er først og fremst evangelia i Det nye testamentet. Desse vart truleg skrivne mellom 70 og 90 år etter Jesu fødsel. Det finst noko Jesus-tradisjon spreidd i annan litteratur (mellom anna hos Paulus), også ord vi elles ikkje kjenner til. Det er uvisst kva kjeldeverdi det omfattande apokryfe evangeliematerialet har. Mange avviser det med at det er seint og sekundært, men vi kan ikkje sjå bort frå at det finst noko som kan gi opplysningar om den eldste Jesus-tradisjonen, til dømes i Tomasevangeliet. Den jødiske historikaren Josefus er den første ikkje-kristne forfattaren som nemner Jesus. Han fortel at Jesus vart korsfesta under Pontius Pilatus og vart oppfatta som Messias. Også den romerske historieskrivaren Tacitus nemner Jesus og korsfestinga av han. I forskinga har dette lenge blitt vurdert som seine og omstridde kjelder. Eit fleirtal av dagens forskarar meiner likevel at kjernen i desse tekstane går tilbake til forfattarane si samtid. Desse ikkje-kristne kjeldene sannsynleggjer at Jesus har levd, men seier elles svært lite om han.

Evangelia fortel om Jesus i ettertid og i lys av kyrkja si tru på han. Jesu liv, gjerning og forkynning blir ikkje dokumenterte nøytralt, men er ein del av den glade bodskapen om Jesus Kristus. Spørsmålet om kven den historiske Jesus var, samanlikna med den forkynte Kristus, har derfor stått sentralt i nyare teologihistorie, og gjennom historisk-kritiske undersøkingar har forskarar ransaka kjeldeverdien av evangelia (sjå nedanfor, Jesus-forsking).

Liv og virke

Jesu dåp

Jesu dåp frå 1475.

Av .
Den samaritanske kvinna ved brønnen

Illustrasjon av historia om Jesus som møter ei samaritansk kvinne ved ein brønn. Målarstykke frå andre halvpart av 1500-talet.

Jesus voks opp i Nasaret i Galilea som son av tømmermannen Josef og Maria. Han hadde fleire søsken. Gjennom Josef stamma han frå David, og også dei tekstane som reduserer Josefs rolle, held fast ved at han tok på seg farskapet. Ifølgje Matteus og Lukas vart Jesus fødd i Davids by, Betlehem, men dette er ein omstridd tradisjon. Fødselsåret kan heller ikkje bestemmast nøyaktig.

I vaksen alder flytta Jesus til Kapernaum, men han etablerte seg ikkje med kone og barn, slik det var vanleg for jødiske menn. Vi veit lite om han før han cirka 30 år gammal lét seg døype av Johannes og begynte det offentlege virket sitt (Lukasevangeliet kapittel 3, vers 1 og vidare). Det varte berre ei kort tid, kanskje berre eitt år (jamfør dei synoptiske evangelia) og ikkje meir enn tre (jamfør Johannesevangeliet). I denne perioden var han stort sett på vandring, først og fremst i Galilea. Han vart korsfesta i Jerusalem i samband med påskehøgtida i cirka år 30.

Dom og død

Judaskysset

Ifølgje historia vart Jesus forrådd av disippelen sin Judas med eit kyss. Målarstykke frå 1304–1306.

Av .

Det vart lagt stor vekt på forteljinga om Jesu liding og død. Historia utgjer ein tredel av Markusevangeliet, det eldste av evangelia, og truleg var det dette stoffet som først vart samla i ei samanhengande forteljing.

Sidan korsfesting var ein romersk avrettingsmetode, må den romerske landshøvdingen Pontius Pilatus ha felt dommen. Elles har både domsgrunnlaget og ansvarsfordelinga mellom jødiske og romerske rettsinstansar vore sterkt omdiskuterte i den historiske og juridiske vurderinga av Jesu død. Evangelia beskriv det som eit samspel mellom jødiske og romerske interesser, sjølv om nokre av kjeldene opplagt har hatt interesse av å mildne Pilatus' rolle og leggje meir skuld på jødane.

Truleg vart Jesus avretta som ein urostiftar, og mange meiner at det som utløyste arrestasjonen, er hendinga då han reinsa tempelet (Markusevangeliet kapittel 11, vers 15–19; Matteusevangeliet kapittel 21, vers 12–17; Lukasevangeliet kapittel 19, vers 45–48 og Johannesevangeliet kapittel 2, vers 13–16). Tradisjonen om korsinnskrifta I.N.R.I. (Jesus Nazarenus Rex Iudaeorum, «Jesus frå Nasaret, konge over jødane») kan tyde på at Jesus vart avretta som messiaspretendent (ein som gav seg ut for å vere messias, det vil seie konge over jødane). Det kan ha danna utgangspunktet for at det utvikla seg ein messiansk kristologi i urkyrkja.

Jesus oppfylte ikkje dei vanlege førestillingane om frelseskongen Messias, og han unngjekk truleg å bruke nemninga om seg sjølv, sjølv om sider ved verksemda hans kunne vekkje slike forventningar. Det at han vart avretta, var eit vonbrot for dei som trudde at utfriinga skulle kome med han. For den tidlege kyrkja vart det derfor viktig å grunngi og finne belegg for at han var Messias. Her spela tekstane om Herrens lidande tenar (Jesaja kapittel 53) ei sentral rolle. Desse tekstane handla tradisjonelt ikkje om Messias.

Forkynning og lære

Proklamasjonen «Guds rike er kome nær» (Markusevangeliet kapittel 1, vers 15) var ifølgje dei synoptiske evangelia programoppslaget for Jesu ord og gjerning. Matteus og Lukas har truleg kjent til ein omfattande tradisjon av Jesus-ord (logia) frå ei kjelde som blir kalla Q (av tysk Quelle, «kjelde»). Enkelte forskarar har i dag lagt dette til grunn for ei skildring av Jesus der han først og fremst er ein galileisk visdomslærar. På dette grunnlaget har nokre utvikla ein kristologi der Jesus er gudsvisdommens (Sofias) son eller visdommen sjølv som har fått lekamleg form. Det er altså ein visdomsversjon av førestillinga om Jesus som Logos (Ordet) gjord om til lekam (jamfør Johannesevangeliet).

Ifølgje desse forskarane har Jesus stilt seg kritisk til makter og styresmakter og tala dei svake og utstøytte si sak. Det spesielle ved deira bilete av Jesus er at han synest å ha vore utan eit spesielt religiøst språk eller program. Ein avgjerande kritikk mot dette biletet er at det baserer seg på ei isolert utnytting av éi ordkjelde som vi ikkje sikkert veit har eksistert. Dette må nødvendigvis bli ein amputert versjon som manglar trekk det andre forteljingsstoffet gir (det vil seie forteljinga om Jesu handlingar og om livet, døden og oppstoda hans). Det manglar òg dei profetiske og apokalyptiske innslaga som for somme var karakteristiske for Jesus. Desse trekka knyter han til ein sterk tradisjon innanfor jødedommen, som i samtida hans kom til uttrykk mellom anna hos essearane (Qumran-samfunnet). Det er ikkje sannsynleg at Jesus hadde noko direkte samband med dei, men mykje talar for at han opphavleg var knytt til rørsla rundt døyparen Johannes.

Medan tidlegare Jesus-framstillingar var opptekne av originaliteten og den eineståande posisjonen hans, er forskarane i dag opptekne av å tolke Jesus så tett på samtida og den lokale tilknytinga som mogleg. Dette er òg ein reaksjon på ein metode som prøvde å sikre ein tilgang til den historiske Jesus ved hjelp av ei dobbelt avgrensing: Berre det som ikkje kunne forklarast ut ifrå bakgrunnen og samtida hans eller ut ifrå kyrkjelege interesser i ettertida, kunne ein vere sikker på gjekk tilbake til Jesus sjølv. Men dette skaper eit minimalistisk bilete der dei originale trekka er det einaste som ein meinte var mogleg å slå fast at høyrde med til den historiske Jesus.

I ord og handling målbar Jesus ein bodskap som ikkje respekterte den grensesetjande forskjellen mellom reint og ureint, og som angreip det moralske og religiøse hykleriet. Vidare tilkjende han også dei utstøytte og forkomne menneskeleg likeverd og ein rettmessig plass i det Gudsrike som han proklamerte var kome nær. At gudsriket var nær, var eit signal om at Gud ville snu på den ordenen som rår i ei urettferdig verd, slik at herskarar mistar makta si, dei små blir opphøgde, og dei fattige blir salige arvingar til jorda. Den jødiske historia har mange døme på at den religiøse bodskapen har eit sosialt uttrykk, og slik sett går Jesus inn i ein profetisk tradisjon. Men sosial reform var ikkje det fremste oppdraget hans; Jesu ord og handlingar var verkekraftige teikn på kva Gud sjølv skulle gjere når denne tida og denne verda snart vart øydelagd i eit apokalyptisk oppgjer. I mellomtida samla han rundt seg ein krins av disiplar som følgde kallet om å gi opp det som normalt sikra livet deira, nemleg slekt, eigedom og arbeid.

Jesus opptredde med suveren myndigheit og synest å ha vore overbevist om at han kjende og kunne tolke Guds vilje rett. Dei fleste festar tiltru til tradisjonane om at han heila sjuke, men det verkar ikkje som han vart oppfatta som ein av dei mange magikarane. Heilingsundera vart først og fremst presenterte som sælebotshandlingar, sjølv om dei òg bar preg av konfrontasjon med makter ein meinte batt menneske til smerte, sorg og død. Isolert vurdert var dei tvitydige handlingar, for Jesu motstandarar nytta dei til å skulde han for å ha samband med den vonde sjølv.

I lidingshistoria i evangelia er det framstilt som ein ironisk dimensjon at undergjeraren som hadde frelst andre, ikkje kunne redde seg sjølv, fordi han ikkje ville eller skulle. Evangelia forstår lidingsvegen som den største kallsgjerninga hans. Den stadfesta at han var lydig mot Guds vilje, og det at han underkasta seg lidinga, var ein siger over døden og det vonde. Sidan han leid uskuldig, var lidinga hans vikarierande og i siste instans, gjennom oppstoda, ein triumf over alle dei maktene som vil skilje menneska frå Guds kjærleik, slik Paulus eit par tiår etterpå tolka det.

Motstandarar og tilhengarar

Jesu lære og liv kan ikkje forståast uavhengig av den motstanden han møtte, og den utgangen livet hans fekk. Var døden hans ei politisk tilfeldigheit, eller opptredde han på ein måte som dei religiøse og politiske styresmaktene faktisk kunne ha grunn til å frykte? Det synest å vere overbevisande belegg for at Jesus møtte motstand blant religiøst og politisk leiande grupperingar, sjølv om evangelia sitt bilete av farisearane som Jesu hovudmotstandarar ikkje yter dei rettferd. Hos Jesus kan det rett nok ikkje sporast nokon polemikk mot romarane spesielt. Vasallfyrsten i Galilea, Herodes Antipas, og evangelia har bevart tradisjonar om at både døyparen Johannes og Jesus angreip Herodes-dynastiet på ein måte som vart oppfatta som truande.

Jesus fann særleg støtte blant småkårsfolk, og han vann seg ei gruppe disiplar som følgde han på vandringane hans i Galilea og sidan til Jerusalem. Blant dei var ein spesiell krins, «dei tolv» (Markusevangeliet kapittel 3, vers 16–19), og også nokre kvinner, kvinnene frå Galilea (Markusevangeliet kapittel 15, vers 40 og videre; Lukasevangeliet kapittel 8, vers 1–3). Denne gruppa har i ettertid vore viktige vitne og tradisjonsberarar. Ein i den næraste krinsen, Judas Iskariot, hjelpte til slutt motstandarane og forrådde han, og under rettargangen og korsfestinga prøvde mange av disiplane å redde seg unna.

Denne miserable slutten vart snudd til ei ny byrjing. Det blir sagt at Jesus viste seg for nokre av disiplane nokre dagar etter at han døydde, og samtidig fann nokre av kvinnene i følgjet hans grava tom. Oppstoda vart stadfestinga på at også døden hans hadde ei guddommeleg meining, samtidig som han var ein siger over dødens makt og ein lovnad om evig liv frå Gud, som er opphavet til alt liv. Disiplane sitt møte med den oppståtte gav støyten til at Jesus-rørsla vart vidareført i det som skulle bli den kristne kyrkja. Der levde minna om kva Jesus hadde sagt og gjort, i stadig nye attforteljingar innanfor ramma av den store forteljinga om han.

Den kristne læra om Jesus, kristologien

Dei nytestamentlege skriftene føreset at mennesket Jesus representerte Guds vilje og nærvær i verda på ein spesiell måte, og at han gav til kjenne kven Gud er. Dette er utgangspunktet for den kristne læra om Jesus Kristus, kristologien. Allereie i Det nye testamentet avteiknar det seg visse kristologiske trekk, ofte knytte til titlar eller nemningar som alt hadde eit visst tydingsinnhald. Dei viktigaste er Messias, Herren, Guds Son (Sonen), Visdommen, Logos og Frelsar. Tittelen Jesus kan ha brukt om seg sjølv, Menneskesonen, finst likevel berre i hans eigne ord. Nokre stader kan vi sjå at profetiske, prestelege eller kongelege kategoriar er brukte tematisk for å beskrive kva Jesus hadde å bety.

I den oldkyrkjelege dogmedanninga kom særleg Johannesevangeliet til å spele ei viktig rolle med sitt syn på Jesus som inkarnasjonen av det guddommelege skaparordet, Logos. Logos hadde vore hos Gud i byrjinga, og dette var eit belegg for Kristi pre-eksistens. I Johannesevangeliet fanst òg ansatsar til ei lære om treeininga. Samtidig var det klart anti-doketisk, det vil seie det avviser at Jesus berre tilsynelatande hadde ein fysisk, menneskeleg eksistens. Ytterpunkta var dei som hevda at Jesus berre var eit ekstra gåverikt menneske, og dei som såg menneskelegheita hans som eit skalkeskjul for at han eigentleg var guddommeleg.

Den første store striden i kyrkja om dette, den arianske striden på 200–300-talet, har fått namn etter Arius (sjå arianarar). Han ville halde fast ved at Gud er den totalt ulike, som åleine er opphav til heile skaparverket, og som eksisterte før Sonen. Statusen til sonen er eit resultat av Faderens avgjerd og vilje. For Arius' motstandarar var dette å fråkjenne Sonen guddommelegheit og redusere han til ein skapning mellom andre skapningar. Bønn til Kristus var alt ein del av gudstenesta, og dersom han var for ein skapning å rekne, ville dette vere avgudsdyrking. Det var òg viktig at skapningen ikkje kan frelse seg sjølv; berre Gud kan frelse. Sidan Jesus Kristus er frelsar, kan det ikkje vere tvil om at han er guddommeleg. Frelseslæra fekk avgjerande kristologisk betydning. Ikkje berre måtte frelsa kome frå Gud – det menneskelege måtte òg sameinast med det guddommelege for at mennesket skulle kunne omskapast. Derfor, ifølgje Athanasius av Alexandria, «vart Gud menneske for at vi skal kunne bli guddommelege», ei kjerneutsegn særleg i tradisjonen til austkyrkja.

Den arianske striden enda med at kyrkjemøta i Nikea i 325 og Konstantinopel i 381 vedtok ei vedkjenning som avviste arianismen, den nikenske truvedkjenninga. Den inngår i vedkjenningsgrunnlaget til dei fleste kyrkjer.

Her vart forholdet mellom Gud Fader og Jesus Kristus definert på ein måte som heldt fast på at dei var av same guddommelege vesen. Dette gjorde det desto meir aktuelt å spørje korleis det guddommelege og det menneskelege hos Kristus stod i forhold til kvarandre. Konsilet i Khalkedon i 451 slo fast at Kristus var éin person, eitt subjekt, med to naturar, som verken kunne blandast eller skiljast. Elles aksepterte ein at forholdet mellom den guddommelege og den menneskelege naturen kunne forklarast på ulikt vis. Vedtaket i 451 førte til brot med dei monofysittiske kyrkjene, som hevda at Kristus berre hadde éin natur (mono fysis), og at den var guddommeleg. Dette gjeld framleis for mange orientalsk-ortodokse kyrkjer, til dømes den koptiske, syriske og armenske.

Samla sett kan vi seie at det som kom ut av dei oldkyrkjelege diskusjonane og avgjerdene, var ei tolking av Kristi person som stadfesta at han var eitt med Gud og eitt med menneskeslekta, utan at dette reiv han i to. Etter opplysningstida er det særleg talen om Gud og det guddommelege som har vorte problematisert, og mange har vilja nøye seg med å sjå på Jesus som det ideale eksempelet, det fullkomne mennesket – moralsk og/eller religiøst.

Jesus-forskinga

Kristus
Ikon frå 500-talet fra Sankta Katarinas kloster som ligg ved foten av Sinaifjellet.

Leitinga etter den historiske Jesus og det kritiske spørsmålet om kvar han står i forhold til den dogmatiske Kristus, høyrer òg vår tid til. Vi reknar med tre forskingsbølgjer:

  1. Jesus-biletet i den liberale teologien omkring 1900 var prega av ein humanistisk og etisk kulturoptimisme. Særleg var ein interessert i Jesu indre liv og den religiøse personlegdommen hans. I 1906 heldt Albert Schweitzer eit skilsetjande oppgjer med Jesu-liv-forskinga, som han hevda gav eit bilete av det forskarane ønskte for Jesus, meir enn av Jesus sjølv.
  2. Først i 1950- og 1960-åra kom spørsmålet for alvor tilbake gjennom det som blir kalla The new quest. Denne nye søkinga etter den historiske Jesus hadde ein utprega eksistensialistisk profil og var oppteken av det som vart kalla den implisitte kristologien i Jesu myndige framferd og forkynning.
  3. I 1980-åra blir det tala om The third quest, som legg vekt på sosiale perspektiv og trekker vekslar på ein meir variert historisk kunnskap om den tida og det samfunnet Jesus levde i. Den historiske Jesus blir forankra og forklart i ein heilt spesifikk sosial og religiøs samanheng. Her finst òg frigjeringsteologiske og feministiske tolkingar. På kyrkjeleg side har resultata frå forskarane ofte vorte møtte med avvising fordi det blir hevda at dei sår tvil om det som har vore rekna som trussanningar.

Mange moderne teologar har halde fram med å reflektere over mysteriet ved inkarnasjonen, og kva det kan innebere å tru at Jesus Kristus var eit gudmenneske: lekamleggjering av Gud på ein bestemt stad, i ei bestemt tid, i ei konkret livshistorie. Det er tilknytinga til denne personen og denne historia som, uansett korleis dei definerer henne, sameiner alle kristne kyrkjer.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Jervell, Jacob: Historiens Jesus. Land og Kirke/Gyldendal, 1978. ISBN: 820510860. Tilgjengeleg online.
  • Larsen, Kasper Bro: Jesus. En historisk crash course. Tro & Liv Bibel, 2023. ISBN: 9789188906236. Tilgjengeleg online.
  • Leivestad, Ragnar: Hvem ville Jesus være? Land og Kirke/Gyldendal, 1982. ISBN: 8205133115. Tilgjengeleg online.
  • Leivestad, Ragnar: Hva vet vi om Jesus? Og hva vet vi ikke? Forum, 1996. ISBN: 820329065. Tilgjengeleg online.
  • Moxnes, Halvor: Putting Jesus in his place. A radical vision of household and kingdom. Westminster John Knox Press, 2003. ISBN: 0664223109
  • Moxnes, Halvor: Jesus and the rise of the nationalism. A new quest for the nineteenth-century. Tauris, 2012. ISBN: 9781848850804
  • Moxnes, Halvor: Historien om Jesus. Verbum, 2017. ISBN: 978-82-543-1373-2
  • Skarsaune, Oskar: Den ukjente Jesus: nye kilder til hvem Jesus virkelig var? Avenir, 2005. ISBN: 8249400569

Kommentarar (4)

skreiv Terje Berentsen

Jeg vil gjerne vite hva som er omstridt ved Tacitus's nevnelse av en Jesus som ble korsfestet av Pilatus. Dessuten, vil jeg spørre om der i det hele tatt finnes noe om Jesus som ikke er omstridt og om det er nødvendig å forkaste hele referansen hos Josefus, kun fordi noen kan ha tilføyd en setning i noen av de senere utgaver av hans verk?

svarte Hallgeir Elstad

Hei igjen, så vidt eg kan sjå så er verken Tacitus eller Josefus nemnt i denne artikkelen.

svarte Terje Berentsen

Jeg mener at de to, Josefus og Tahitis burde ha vært nevnt som mulige historiske kilder i denne artikkelen. Men det er du sikkert ikke enig i, siden de, uvisst av hvilken grunn, er utelatt.

svarte Hallgeir Elstad

Takk for attendemelding - Josefus og Tacitus må svært gjerne nemnast. Eg kan arbeide det inn.

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg