Faktaboks

Jakob Matias Antonson Lothe
Fødd
14. november 1881, Lote i Gloppen, Vestland
Død
17. juni 1975
Verke
Politikar
Familie

Foreldre: Gardbrukar Anton Jakobsson Lothe (1852–1932) og Ane Marie Absalonsdotter Rauset (1853–1940).

Gift 1908 med Eli Jakobsdotter Kvitenes (15.4.1880–2.3.1963), dotter til gardbrukar Jakob Olsson Henden (1842–98) og Pernille Eriksdotter Rygg (1844–1934).

Jakob Mathias Antonson Lothe
Av /Stortingsarkivet.

Jakob Matias Antonson Lothe var ein norsk lærar, politikar og målmann. Han sat på Stortinget i over 20 år for Venstre og vart lagtingspresident.

Bakgrunn

Jakob Matias Antonson Lothe vart fødd i Gloppen i noverande Vestland. Etter lærareksamen i Volda i 1901 og eit år som lærar i Leikanger og var han i 1902–1949 tilsett i Gloppen. Frå 1917 til 1938 var han framhaldsskuleslærar. I 1922–1923 gjekk han på Noregs Lærarhøgskule (no NTNU) i Trondheim. Han tok over odelsgarden i 1915 og var fram til 1940 også gardbrukar.

Politisk karriere

Lothe var medlem av heradsstyret i Gloppen i 1917–1928 og var skulestyreformann i 1912–1929. Han var formann i Sogn og Fjordane Venstrelag i 1930–1945. Frå 1925 til 1953 var Lothe stortingsrepresentant for Venstre, med unntak av åra 1928–1930, då han var første vararepresentant.

Han var i fleire periodar medlem av kyrkje- og skulekomiteen, som behandla dei store skulelovene i 1930-åra, og var òg formann i komiteen. Han arbeidde ihuga for å gi bygdeungdom betre utdanningskår. Han var òg medlem av den utvida utanriks- og konstitusjonskomiteen og var i 1945–1954 lagtingspresident.

Andre verv og engasjement

Lothe var aktiv i fråhaldsrørsla og målrørsla. Han sat i styret for Nordfjord fylke av Det Norske Totalavholdsselskap i 1907–1912 og i styret for Firda Mållag i 1918–1949. Han hadde eit kristent livssyn og var i 1945–1948 medlem av Kyrkjeordningsnemnda, som under leiing av biskop Berggrav greidde ut organiseringa av Den norske kyrkja.

Han var leiar for Rosendalskommisjonen i 1929–1935, sat i styret for Firda gymnas og statsrealskule i 1930–1959, og var medlem av styret for Nordfjord ungdomsskule i 1923–1960.

Utmerkingar

Lothe vart i 1946 heidra med Klostermedaljen frå Det Norske Totalavholdsselskap.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Karl Bakke (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1952
  • Arne Espeland (red.): Norske skulefolk. Stavanger 1934
  • Anders A. Lothe: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Florø 1950
  • Bjørn Steenstrup: Hvem er hvem? Oslo 1973
  • Torvald Øberg (red.): Hva livet har lært meg. (Kap. «Lagtingspresident Jakob Lothe»). Oslo 1959

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg