Jølstravatnet

Jølstravatnet er 233 meter dypt og er dermed blant Norges dypeste innsjøer.

Jølstravatnet er ein innsjø i Sunnfjord kommune, Vestland fylke. Innsjøen har eit areal på 39 km2, lengda er 30 kilometer og breidda 1–1,5 km. Innsjøen er 233 meter djup og ligg 207 meter over havet. Han er blant Noregs djupaste innsjøar.

I aust skjer den smale armen Kjøsnesfjorden i Jølstravatnet seg mot Jostedalsbreen. Sør for Kjøsnesfjorden ligg Grovebreen. Jølstravatnet er omkransa av imponerande fjell, og breane har utløparar ned dei tronge dalane mot vatnet. Vatnet har fleire mindre tilløp, særleg frå breområda i aust. Vatnet har avløp ved Jølstra til Førdefjorden.

Fiske

Jølstravatnet er Vestlandets rikaste fiskevatn med aure på opptil 10–15 kg. Reguleringa i samband med Stakaldefossen kraftverk i Jølstra synest ikkje å ha skadd fiskebestanden.

Kart

Jølstravatnet
Jølstravatnet
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg