Ivar Grimstad var ein norsk forfattar, lærar og journalist. Han var rektor ved Møre folkehøgskule frå 1960.
Grimstad gav ut barnebøkene Storvarpet (1947) og Den mystiske hola (1959); diktsamlingane Havland (1968), Mot eit anna land (1974) og Drøymaren og brørne hans (1982), men er likevel mest kjend for sine morsomme, slagferdige og velformulerte bøker om Sunnmøre-humoren: Velsigne kjæften din, prest. Vist og gale frå Sunnmøre (1974) og Eg vil ikkje høyre eit vetigt ord! Vist og gale frå Sunnmøre II (1977), Reven bak øyret (1983).
Den fyrste romanen hass, Sigrids saga (1986), er ei skildring frå mellomkrigstidas kyst-Noreg, som fekk eit frittståande framhald i Nytt skip (1989).
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.