Isfjorden er ein tettstad i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,2 km², og har 1351 innbyggjarar (2023).
Tettstaden ligg ved botnen av fjorden med same namn. Dette er den inste arma av Romsdalsfjorden som strekkjer seg vel seks km austover frå Åndalsnes. Rett sør for tettstaden renn Henselva ut i fjorden, elva blir danna av Isa og Glutra (sjå Grytten kraftverk) mindre enn to kilometer før munninga i Isfjorden.
Isfjorden var kommunesenter i den tidlegare Hen kommune. Bygda har lange tradisjonar med konfeksjonsindustri, til dels ved heimesaum. I dag kan ein sjå denne tradisjonen gjennom Konfeksjonsmuseet, som er ein del av Romsdalsmuseet. Hen kyrkje er ei langkyrkje i mur frå 1831.
Fylkesveg 64 (Åndalsnes–Molde-Kristiansund via Atlanterhavsvegen og Atlanterhavstunnelen) går gjennom tettstaden.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.