Ingrid er eit kvinnenamn som går tilbake til det norrøne Ingi-ríðr. I dette toledda namnet er forleddet gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet var opphavleg -fríðr, og det tyder ‘vakker’.

Namnet har fleire variantar: Ingerid, Ingri, Ingrid.

Namnedag er 10. februar. Ingfrid har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Ingrid

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Ingrid

Eit utval personar med namnet Ingrid, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 24 414 kvinner i Noreg som hadde Ingrid som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Ingrid var det fjerde mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 253 jenter som fekk namnet Ingrid, og det var det åttande mest populære jentenamnet dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Ei rekkje samansette nordiske kvinnenamn har ein kurveprofil med topp innanfor perioden 1920–1949, til dømes Asbjørg, Borgny, Ingebjørg, Jorunn, Målfrid, Svanhild og Torbjørg. Ingrid hadde den fyrste toppen 1920–1924, men i motsetning til dei andre samansette namna fekk Ingrid eit nytt oppsving frå 1970-åra. Toppen vart nådd 1995–1999. Dette oppsvinget var truleg inspirert av den svenske skodespelaren Ingrid Bergman (1915–1982). Ingrid er eit av dei nordiske namna som har oppnådd internasjonal popularitet.

Utvikling i bruk av namnet Ingrid frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Ingrid frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingrid på 1800-talet.

Ingrid var mest brukt i Kristiania og Oppland.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Ingrid på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Ingrid var mest brukt i Kristiania og Oppland. (I talgrunnlaget for søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Ingri.)

Historisk bruk av namnet Ingrid
Historisk bruk av namnet Ingrid
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg