Inger er eit kvinnenamn som er samantrekt form av Ingegerd. Dette namnet går tilbake til det norrøne Ingi-gerðr der forleddet er gudenamnet Ing, Yngve. Etterleddet tyder ‘gjerde, vern’.

Namnedag er 26. februar. Ingjerd har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Inger

Kulturell bruk

  • Inger er hovudperson i «Fru Inger til Østråt» (1857) av Henrik Ibsen.

Kjende personar med namnet Inger

Eit utval personar med namnet Inger, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 29 897 kvinner i Noreg som hadde Inger som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Inger var det nest mest brukte namnet blant norske kvinner. I 2022 var det 20 jenter som fekk namnet Inger.

Utvikling i bruk av namnet

Inger låg nokså stabilt på cirka 1,9 prosent i fyrste halvdel av 1800-talet og gjekk så gradvis ned til eit botnnivå tidleg på 1900-talet. Deretter steig det til ein topp i 1940-åra.

Utvikling i bruk av namnet Inger frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Inger frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Inger på 1800-talet.

Inger var mest brukt i Vestfold, Agder, Rogaland og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Inger på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Inger var mest brukt i Vestfold, Agder, Rogaland og Finnmark.

Historisk bruk av namnet Inger
Historisk bruk av namnet Inger
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Kruken, Kristoffer og Ola Stemshaug 2013: [Norsk personnamnleksikon]. 3. utgåva ved Kristoffer Kruken. Oslo.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg