Faktaboks

Ingebjørg Bratland

Ingebjørg Harman Bratland

Fødd
8. mai 1990, Edland
Ingebjørg Bratland
Ingebjørg Bratland under ein konsert i Grieghallen i 2017
Ingebjørg Bratland
Av /Gonzales Photo.

Ingebjørg Bratland er ein kvedar og visesongar frå Edland i Vinje og ein av dei mest folkekjære og ettertrakta popartistane i Noreg. Med eit talent utanom det vanlege starta ho tidleg å synge. Dette heng saman med ein rik og levande folkesongtradisjon i heimemiljøet. Slik kom ho til å hevde seg sterkt på kappleikane i ungdomen, også Landskappleiken der ho vann yngste klasse vokal folkemusikk fleire år på rad. Etter kvart kom ho saman med dei fremste kvedarane og folkemusikkartistane i Telemark. Etter platedebuten i 2013 blei ho raskt fanga opp av populærmusikken. Dette har ført til tre plateutgjevingar og konsertturnear over heile landet, der ho framfører musikken med eige band.

Bakgrunn

Folkesongen fekk ho med seg frå Vest-Telemark frå ho var fem år. Ellen Nordstoga var den viktigaste læremeisteren i oppveksten. Slektningen Sondre Bratland med sin unike songtradisjon og visesongaren Odd Nordstoga har òg vore viktige inspiratorar. Med fem landskappleiksigrar i yngste klasse vokal folkemusikk på Landskappleiken er Ingebjørg Bratland det næraste du kjem eit vedunderbarn i norsk folkemusikk.

Ho song i 2006 tittelsporet på Odd Nordstoga sin barneserie for NRK P1 Jul i svingen. Og i 2007 gjorde ho seg bemerka då ho song for Kong Harald i samband med 70-årsdagen hans. Bratland vann A-klassa i vokal folkemusikk på Landskappleiken fyrste gong ho deltok i seniorklassa, det vil seie i 2009. Same år blei ho nordisk meister i folkemusikk under arrangementet NORD i Sälen.

Bratland er ikkje berre oppteken av folkemusikk, ho har òg interessert seg for andre songarar, til dømes Joni Mitchell, og ho har samarbeidd med ei rad artistar frå ulike sjangrar. I 2008 blei Bratland plukka ut av HKH Kronprinsesse Mette-Marit til samleplata Sorgen og gleden med 11 norske utøvarar. Under Landskappleiken 2010 vann ho Fureprisen, ein pris på 50 000 kroner til unge utøvarar.

Verksemd

I 2013 debuterte Bratland med plata Heimafrå i lag med Odd Nordstoga. Plata selde til gullplate (20 000) og vann Spellemannprisen i klassa for folkemusikk/tradisjonsmusikk. Duoen heldt over 100 konsertar i løpet av året landet rundt, stort sett for fulle hus.

Første soloplate kom i 2014, Berre meg, ei plate meir i pop/visesjangeren, produsert av Bjørn Nessjø. Låten Ingen e som du blei A-lista på NRK P1, og plata blei nominert til Spellemannprisen i viseklassa.

Hausten 2015 kom oppfølgjaren Månesinn, framleis i pop/vise-sjangeren, men denne gong i hovudsak med eige materiale. Unntaket er ein norsk versjon av Bob Dylans sin berømte kjærleikssong Make you feel my love, som fekk tittelen Fordi eg elskar deg i norsk språkdrakt, omsett av Bjarte Hjelmeland. Dette blei ein stor radiohit hausten 2015. Albumet toppa mange hitlister i ein periode, høgste plassering på VG-lista var nr. 2. Plata selde over 40 000 eksemplar, og lanseringsturneen blei ein stor suksess med utselde konsertar overalt.

Våren 2016 blei Bratland tildelt Telemark fylkes kulturpris for 2015. I 2016 gjennomførte ho ein turné med over 70 konsertar, på festivalar og i konserthus, utseld overalt.

Hausten 2017 kom det tredje soloalbummet Hjarteskjell, langt på veg i same sjangeren som den førre plata. Flesteparten av låtane er laga av Bratland, nokon er skrivne i samarbeid med produsentane. To låtar er oversett til norsk av Bratland. Fire forskjellige produsentar, Martin Sjølie, Kåre Vestrheim, Lars Horntvedt og Espen Lind/Geir Hvidsten, og fire ulike studio har vore involvert i produksjonen. Bratlands eigen låt, singelen Bror, blei A-lista på NRK P1 hausten 2017.

Bratland blei hausten 2017 tildelt Hilmar Alexandersen musikkpris, ein pris som har vore delt ut sidan 1991. I november 2017 fylte Ingebjørg Bratland Oslo Spektrum, den største konserten i karrieren så langt.

Diskografi

  • Heimafrå, med Odd Nordstoga (2013)
  • Berre meg (2014)
  • Månesinn (2015)
  • Hjarteskjell (2017)
  • Papirfly (2020)

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Kommentarar (2)

skreiv Henrik Torkveen

Hei! Jeg tenkte jeg skulle si fra om at linken under Odd Nordstoga i 2. avsnitt leder til artikkelen om Sondre Bratland.

svarte Mari Paus

Takk for beskjed! Lenken er rettet. Vennlig hilsen Mari i redaksjonen

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg