Inge kjem av det norrøne mannsnamnet Ingi. Det kan enten vere kortform av namn på Ing(e)- eller austnordisk form av Yngve, norrønt Yngvi, som kan førast tilbake til det fellesgermanske *Ingwaz som var namnet på ein germansk gud.

Les om kvinnenamnet Inge.

Namnedag er 17. desember. Inga har også namnedag denne dagen.

Kjende personar med namnet Inge

Eit utval personar med namnet Inge, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 4 627 menn i Noreg som hadde Inge som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire.

Utvikling i bruk av namnet

Tostava namn som endar på -e, er ein typisk nordisk namnetype, for av dei nærmare 50 mest vanlege namna av denne typen er det berre eitt utanlandsk, det tyske Heine. Dei fleste namna av denne typen hadde ein toppfase som låg innafor perioden 1945–1979. Dette gjeld til dømes Are, Arve, Atle/Asle, Bjarte, Børge, Frode, Gisle, Helge, Inge, Jarle, Ove, Rune, Ståle, Terje, Yngve og Åge.

Utvikling i bruk av namnet Inge frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Inge frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • †Hellberg, Lars 2014: Inge och Inga – ett omaka kortnamnspar. Med en efterskrift av Thorsten Andersson. Studia antroponymica Scandinavica 2014.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg