Egypt har den tredje største økonomien i Afrika og den største i Nord-Afrika. Med relativt avgrensa naturressursar, høgt folketal og stor arbeidsløyse har Egypt likevel lågare gjennomsnittleg inntekt enn andre land i regionen.
Trass i ein samansett økonomisk sektor har Egypt difor også eit stort fattigdomsproblem. Tidleg på 2000-talet voks prosentdelen egyptarar som lever under fattigdomsgrensa, sjølv om det var registrert monaleg økonomisk vekst. Det er anslått at mellom ein tredel og ein firedel av innbyggjarane lever under den offisielle fattigdomsgrensa (2017).
Folketilveksten kombinert med avgrensa dyrkbare område har bidrege til ei høg urbaniseringsgrad, altså at mange flyttar frå landsbygda til byane. Mangel på jordbruksareal og arbeidsplassar har ført til stor arbeidsmigrasjon – mange egyptarar søkjer arbeid i utlandet, framfor alt i Golf-området og Libya. Begge stader varierer sysselsetjingsmoglegheitene med den politiske og økonomiske utviklinga. Også Egypts inntekter frå den økonomisk viktige turistindustrien blir påverka av politiske forhold. Besøkstalet, og dimed sysselsetjinga og inntektene, svingar mykje med tryggleikssituasjonen både i regionen og i Egypt.
Den egyptiske økonomien er særleg dominert av jordbruksproduksjon og petroleumsutvinning. Dyrkbart landareal er avgrensa og i all hovudsak konsentrert langs Nildeltaet. Stor folketilvekst har auka presset på tilgjengeleg jord så vel som etterspurnaden etter mat – som i stor grad må importerast. Samstundes er landet ein leiande eksportør av bomull. Egypt har omfattande mineralførekomstar, framfor alt av olje og gass, som i stor grad har påverka næringsutviklinga i landet. Det er ein omfattande kraftproduksjon for å møte eit veksande forbruk og støtte opp under økonomisk vekst. Bygginga av Aswandammen på 1960-talet la grunnlaget for produksjon av vasskraft, og regulerte samstundes vasstilførselen til jordbruket langs Nilen. Vatnet frå Nilen har vore avgjerande for Egypt heilt sidan oldtida, og har – med Aswandammen – vore ein vesentleg faktor i moderniseringa av egyptisk samfunnsliv og økonomi. Difor er det uro i Egypt over konsekvensane av at Etiopia regulerer den eine av kjeldene til Nilen, ved å demme opp Den blå nilen gjennom Grand Ethiopian Renaissance Dam.
Egypts økonomisk politikk har endra retning fleire gonger sidan revolusjonen i 1952. Etter først å ha følgt ein sosialistisk orientert planøkonomi, med ei dominerande statleg rolle i næringslivet, blei politikken gradvis lagd om frå 1970-talet. Marknadsorienteringa auka på 1980-talet, for å bli sett endå meir ut i livet i 1990-åra, med vidare liberalisering etter tusenårsskiftet – først med noko større moglegheiter for private aktørar, deretter med deregulering og ei omfattande privatisering av statleg eigedom.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.