berglendt øy med lite skog i Vågsøy kommune, Sogn og Fjordane. Ligg ytst i Nordfjord, mellom Bremangerlandet og øya Vågsøy. Husevågøya er 9,2 km2 med 74 innb. - medrekna naboøya Gangsøy (2001). Ferjesamband med Måløy og Oldeide.
Namnet kjem av gardsnamnet Husevåg. Viser til bustadhus i vågen, og at andre vågar i nærleiken mangla dette.