Hunderfossen
Hunderfossen i Øyer kommune i Gudbrandsdalen.

Hunderfossen er ein sju meter høg foss i Gudbrandsdalslågen, i Øyer og Lillehammer kommunar i Innlandet. Fossen ligg rundt tre km sør for Øyer tettstad (Granrudmoen).

Vassfallet er, saman med Ensbyfalla nedanfor, bygd ut i Hunderfossen kraftverk. Fallhøgd er 46 m, maksimal yting er 112 MW og gjennomsnittleg årsproduksjon er 580 GWh. Demninga ved Hunderfossen er 300 m lang og 12 m høg, med gang- og sykkelveg over damkrona. Det er bygd fisketrapp for å betre gyteforholda for den såkalla hunderørreten.

Nordvest for fossen ligg Hunderfossen Eventyrpark og Norsk vegmuseum. Vest for fossen ligg anlegg for akesport som blei opna i 1992 for bruk under OL på Lillehammer i 1994.

Namnet: Hunder kjem av norrønt Hundyrja, truleg namn på ein bekk; første leddet har usikker tolking, siste leddet er ei avleiing av norrønt aur, 'grus'.

Kart

Hunderfossen
Hunderfossen
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg