Faktaboks

Humphry Davy
Fødd
17. desember 1778, Penzance, Cornwall, England
Død
29. mai 1829, Genève i Sveits

Sir Humphry Davy

.
Lisens: fri

Humphry Davy var ein britisk kjemikar og oppfinnar som blei adla på grunn av den store innsatsen sin i kjemien. Han oppdaga mellom anna fleire grunnstoff.

Davy var sjølvlærd og blei ein fengslande førelesar og eksperimentator. Frå 1798 arbeidde han ved The Pneumatic Institution i Bristol. Det var ein privat institusjon oppretta for å utforske nyoppdaga gassar og den moglege bruken av gassane innan medisin. Han arbeidde særleg med lystgass, som først var framstilt av Joseph Priestley i 1772. Davy oppdaga lystgassen sin effekt, som han sjølv blei avhengig av. Men det tok 40 år før lystgass og andre gassar, som eter og kloroform, blei tekne i bruk som bedøvingsmiddel.

Forsking

I 1801 blei han tilboden stilling som førelesar ved det nyetablerte Royal Institution i London for å arbeide med elektrokjemi (då kalla galvanisme). Førelesingane blei svært populære, og han steig raskt i gradene til laboratorieleiar og professor.

Ved hjelp av Voltas søyle (det første batteriet) oppdaga og framstilte Davy kalium og natrium i 1807. Han analyserte saltsyre og viste at oksygen ikkje er ein nødvendig bestanddel av syrer, slik Antoine Laurent Lavoisier hadde hevda. Davy oppdaga òg grunnstoffa kalsium og magnesium. Han framstilte bor og barium som metall i 1808. I 1812 blei sir Humphry Davy gift med ei rik enkje. Han tilsette Michael Faraday som assistenten sin og reiste med han og kona si til Frankrike og Italia og kom tilbake til London først i 1815. Han sa seinare at Faraday var den største oppdaginga hans.

Oppfinningar

I London konstruerte han ei gruvelampe (Davys lampe), som han ikkje patenterte, men som fekk mykje å seie for tryggleiken i kolgruver. Han blei utnemnd til baron i 1819, og i 1820 blei han president i The Royal Society.

I Noreg

Davy skulle ha kome til Christiania i august 1824 og møtt Jöns Jacob Berzelius og Friedrich Wöhler hos apotekar Hans Henrich Maschmann. Men Davy hadde mange interesser utanfor kjemien, og han valde heller å fiske aure og laks. Han var ein lidenskapeleg flugefiskar og blei dermed ein av dei første som fiska med fluge i Noreg. Han hadde reist med dampbåt frå den britiske marinen frå London til Mandal og vidare til Arendal og Strömstad. Derfrå drog han langs landevegen til København. Båten var kledd med koparplater i botnen, og Davy skulle undersøkje om sink kunne spare skovlhjula, som var av jern, for korrosjon.

Davy fiska i Mandalselva og nokre andre elvar på Sørlandet, men fekk berre småfisk. Han prøvde òg i Glomma, men først i Götaelva blei det fisk av nokon storleik. Ved slutten av reisa Helsingør trefte han Berzelius og i København Hans Christian Ørsted.

Forfattarskap

Davy var ikkje berre kjemikar, men også diktar og målar. Han samanfatta erfaringane sine som flugefiskar i den store boka si Salmonia, som han fekk gitt ut i to utgåver. Han døydde av ein arveleg hjartesjukdom, men bruke dei siste månadene av livet på å skrive ei bok som blei svært populær: Consolations in travel (Trøyst i reiser). Han døydde berre 50 år gammal i Genève i Sveits og blei bisett der.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg