Faktaboks

Administrasjonssenter
Hol
Fylke
Buskerud
Innbyggjartal
4 504 (2022)
Landareal
1 653 km²
Høgaste fjell
Folarskardnuten (1933 moh.)
Innbyggjarnamn
holing
Målform
nøytral
Kommunenummer
3330 (frå 2024, tidl. 3044 og 0620)

Kommunevåpen

Kart: Hol kommune i Buskerud
Hol kommune i Buskerud fylke.
Kart: Hol kommune i Buskerud
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Geilo

Geilo er ein populær vintersportsstad, med mange hytter, slalåmbakkar og langrennsløyper.

Av .
Lisens: CC BY 2.0
Hol

Hol. Geilojordet, bygdetun i sentrum av Geilo, med alpinbakkane i Vestlia i bakgrunnen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgitt 2005–2007.

Hol
Av /KF-arkiv ※.

Hol er ein kommune i Buskerud fylke, øvst i Hallingdal. Dei sentrale og nordre delane av kommunen omfattar to større dalføre, Holsdalføret og Ustedalen. Dei to elvane Holselva og Usta i desse to dalføra møtest nedanfor Hagafoss og dannar Hallingdalselva.

Til Hol høyrer også dei to fjelldalane Seterdalen (Dagali) og Skurdalen i sør; begge ligg i nedslagsfeltet til Numedalslågen. Kommunen omfattar i tillegg store fjellområde omkring desse hovuddalføra, Skarvheimen i nord og Hardangervidda i sør.

Grensene til kommunen har vore uendra sidan 1944, då Dagali blei overført til Hol frå dåverande Uvdal kommune. Hol har grense mot Ål i nordaust og aust, Nore og Uvdal i sør, begge i Buskerud. Eidfjord og Ulvik i vest og Aurland og Lærdal i nordvest ligg Vestland fylke.

Natur

Hol er ei utprega fjellbygd. 91 prosent av arealet ligg høgare enn 900 meter over havet, og det lågaste punktet i kommunen, Hallingdalselva på grensa til Ål, ligg cirka 450 meter over havet.

I dei austre og søre delane av kommunen er berggrunnen dominert av grunnfjell. Stadvis er grunnfjellet dekt av omdanna kambrosiluriske skifrar (fyllitt), til dømes sør for øvre del av Ustedalen og nord for nedre del av Holsdalføret. Landskapet her er prega av slake fjellvidder, 1000–1200 meter over havet i aust, noko høgare vestover. Fyllitten har tidlegare dekt grunnfjellet i heile kommunen, men er seinare slite vekk dei fleste stader.

Over fyllitten er det i vest og nord skyvd harde, kvartsrike djupbergartar frå nordvest i samband med den kaledonske fjellkjedefaldinga. Der skyvedekka ligg over den lause fyllitten, opptrer dei som høge, bratte skrentar, og desse skyvedekka utgjer dei høgaste fjella i Hol. Særleg markant er den cirka 35 kilometer lange ryggen til Hallingskarvet, som når 1933 meter over havet (Folarskardnuten, Buskeruds høgaste fjell). Nord for Strandavatnet lenger nord når Blåbergi 1802 meter over havet.

I vestre del av Hol ligg Hallingskarvet nasjonalpark, og lengst i sørvest strekker det nordaustlege hjørnet av Hardangervidda nasjonalpark seg så vidt inn i kommunen.

Klima

Den kaldaste månaden er januar, med ein normal på -6,2 °C, og den varmaste er juli, med ein normal på 12,4 °C. Mest nedbør er det i august, med ein normal på 82,4 mm, og minst er det i april, med 37,1 mm. Opplysningane er henta frå Oldebråten målestasjon ved Geilo.

Busetjing

Busetjinga ligg særleg i solliene i hovuddalføra, det vil seia på nordsida av dalane, og ofte nokså høgt over dalbotnen. Folkemengda fordeler seg med 23 prosent i Holsdalføret, 66 prosent i Ustedalen ovanfor Hagafoss, 7 prosent i Skurdalen og Dagali og 4 prosent i Hallingdal nedanfor Hagafoss (2020).

Folketalet i kommunen var i vekst i nokre tiår frå 1960-talet, men frå omkring 1990 viste folketalet svak tilbakegang til omtrent hundreårsskiftet, då nedgangen blei avløyst av ny vekst. I tiårsperioden 2010–2020 auka folketalet i Hol med gjennomsnittleg 0,04 prosent årleg, mot ein auke på 0,2 prosent i dei seks hallingdalskommunane samla og 1,0 prosent i Buskerud fylke.

Kart over Hol kommune
Kart over Hol kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Hol har den lågaste prosentdelen sysselsette i primærnæringane blant kommunane i Hallingdal. I 2019 utgjorde arbeidsplassane i desse næringane tre prosent av alle arbeidsplassane i kommunen. Også industrien har ein relativt låg del av sysselsetjinga i Hol med fem prosent, der Buskerud fylke hadde tolv prosent. Industrien, inkludert bygge- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon, hadde 18 prosent av arbeidsplassane i Hol i 2019, mot 25 prosent i Buskerud.

Etter offentleg administrasjon og tenesteyting er varehandel, overnattings- og serveringsverksemd den viktigaste næringa i Hol, med 29 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Reiselivet har eit tyngdepunkt på Geilo. Her er ei rekke hotell og overnattingsbedrifter. Det er stor hyttebusetnad mange stader i kommunen, mellom anna rundt Ustaoset. Særleg rundt Geilo er det store alpinanlegg.

Jordbruket er i all hovudsak basert på husdyrhald (storfe og særleg sau). Skogbruket er relativt beskjedent i Hol. Med eit avverka kvantum for sal på 25 600 m3 har berre Hemsedal og Flå ei lågare avverking blant kommunane i Hallingdal (2019).

Den klart viktigaste industribransjen i Hol er verkstadindustrien, med 2/3 av dei industrisysselsette i kommunen (2019). Innan verkstadindustrien er metallvareindustrien viktigast. Av andre industribransjar er møbel- og annan industri og næringsmiddelindustri viktigast, med høvesvis 15 og 8 prosent av sysselsetjinga i næringa (2019). Verkstadindustrien finn ein særleg på Geilo, der ein har jern- og metallvareindustri med lange tradisjonar (knivar, øksar og andre reiskapar og verktøy), likeins på næringsområdet i Kleivi ved grensa til Ål. Her er også andre bransjar representerte.

Hol er ein stor kraftkommune med i alt ti små og store kraftverk. Desse har ein samla maskininstallasjon på 357 MW og ein gjennomsnittleg årsproduksjon på i alt 1217 gigawattimar (GWh) per 2019. Størst gjennomsnittleg årsproduksjon har Hol I (Urunda) kraftverk (i drift frå 1956), Hol III kraftverk (1958), Hol II kraftverk (1957) og Ustekveikja kraftverk (1983).

Samferdsle

Frå gammalt av har Hol betydd mykje for trafikken mellom Aust- og Vestlandet. Tidlegare gjekk ferdselsvegen opp Holsdalføret på nordsida av Strandavatnet, over Geiteryggen, ned til Aurland eller vestover til Hallingskeid og Vossevangen. I den sørlege delen av Hol går ein gammal ferdselsveg (Nordmannsslepa) frå Numedal, gjennom Skurdalen over Krækkjeheia og over Hardangervidda.

Gjennom Ustedalen går riksveg 7, som går gjennom heile Hallingdal frå E16 i Hønefoss og vidare over Hardangervidda til riksveg 13 på sørsida av Hardangerbrua ved Bu i Ullensvang. Også Bergensbanen følgjer Ustedalen, men går i ein nordlegare trasé over fjellet vest for Haugastøl. Dei to sørlege dalføra i Hol, Dagali og Skurdalen, blir kryssa av fylkesveg 40 mellom Geilo og Kongsberg. Ved Hagafoss tek fylkesveg 50 av frå riksveg 7 og går vidare vestover gjennom Holsdalføret og over Geiteryggen til Aurland i Vestland fylke, der han møter E16.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Hol høyrer til Sør-Aust politidistrikt, Buskerud tingrett og Borgarting lagmannsrett.

Hol kommune svarer til dei tre sokna Dagali/Skurdalen, Geilo og Hol i Hallingdal prosti (Tunsberg bispedømme) i Den norske kyrkja.

Kommunen er med i regionrådet Hallingdal regionråd saman med Flå, Gol, Hemsedal, Nes og Ål.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Hol til Ringerike og Hallingdal fogderi (futedømme) i Buskerud amt.

Delområde og grunnkrinsar i Hol

For statistiske føremål er Hol kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 23 grunnkrinsar:

  • Østre Hol: Vestlia, Moen, Østre Holet, Vestre Holet, Sør-Hovet østre, Sør-Hovet vestre, Nord-Hovet, Sudndalen, Bjørkedalen, Øvre Urundidalen
  • Vestre Hol: Dagali, Sør-Skurdalen, Skurdalen, Kvisla, Nedre Lien, Øvre Lien, Geilomoen, Timrehaugen, Geilolia, Ustedalen, Fjellet, Monsbuhei, Kyrkjehovda

Historikk og kultur

Hol gamle kyrkje.
Hol gamle kyrkje.

I høgfjellet går eit nett av merka turistruter både sommar og vinter. Hol kyrkje (Hol gamle kyrkje) ligg ved Hovet i nordvestenden av Holsfjorden, med freda tingstove og prestestove like ved. Hol (nye) kyrkje, bygd i 1924, ligg ved søraustenden av Holsfjorden, ved Hagafoss. Her ligg også Hol Bygdemuseum, eit friluftsmuseum som viser bondesamfunnet på 1800-talet. Fleire gamle gardar er freda, mellom anna Gudbrandsgard, Veslegard og Dokken i Sudndalen, med hus frå 1720-åra og andre verna bygningar.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1991) har tre amboltar i sølv over kvarandre mot ein blå bakgrunn. Dette illustrerer tradisjonane i kommunen innan jernvinning i tidlegare tider fram til dagens produksjon av jernvarer (mellom anna øksar og knivar).

Namnet kjem frå norrønt hóll, ‘rund, isolert høgd’.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Alsvik, Marit Karin & Jan Alsvik: Bilete frå Hol: kvardag og høgtid i gamle Hol, 1993, isbn 82-7590-008-5
  • Reinton, Lars & Sigurd S. Reinton: Folk og fortid i Hol, 1938–1982, åtte bind
  • Solhjell, Kåre Olav: Hol i hundre år, 2000–2006, to bind, isbn 82-995751-0-9

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg