Herman er eit mannsnamn. Det er ein stavevariant av det tyske Her-mann. Forleddet tyder ‘hær’ og etterleddet ‘mann’ Hermann.

Namnet har fleire variantar: Herman, Hermand, Hermann.

Kjende personar med namnet Herman

Eit utval personar med namnet Herman, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 5 136 menn i Noreg som hadde Herman som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 177 gutar som fekk namnet Herman, og det var blant dei 50 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Namnestatistikken for 1800-talet baserer seg på folketeljingar, og då var det oftast registerføraren som bestemte kva for stavevariant som skulle førast inn i teljinga – ikkje namneberaren sjølv. Derfor er variantane Hermann og Herman slått saman, og dei er presenterte med ei felles kurve for 1800-talet. Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin 1860–1874, og ein god del av dei fekk eit nytt oppsving rundt år 2000. I tillegg til Herman gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Henrik, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm. For stavemåten Hermann, som er i samsvar med tysk skriveskikk, kan det i motsetning til Herman berre påvisast eit svakt oppsving rundt år 2000.

Utvikling i bruk av namnet Herman frå 1880
Utvikling i bruk av namnet Herman frå 1880
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg