Henrik er eit mannsnamn som er nedertysk form av Heinrich som går tilbake til gammalhøgtysk Haimi-rich. Forleddet tyder ‘heim’ og etterleddet ‘mektig; herskar’. Forleddet Hein- i Hein-rich kan også gå tilbake til gammalhøgtysk Hagen- med tydinga ‘inngjerding; hamnehage’.

Namnet har fleire variantar: Hendrik, Henrich, Henrik.

Namnedag er 20. oktober. Heine og Henrikke har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Henrik

Kulturell bruk

Kjende personar med namnet Henrik

Eit utval personar med namnet Henrik, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 16 714 menn i Noreg som hadde Henrik som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire, og Henrik var blant dei 50 mest brukte namnet blant norske menn. I 2022 var det 263 gutar som fekk namnet Henrik, og det var blant dei 20 mest populære gutenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Hovudtyngda av dei tyske – og nedertyske – mannsnamna hadde toppfasen sin i perioden 1860–1874. Nokre av dei fekk ein ny toppfase rundt år 2000. I tillegg til Henrik gjeld dette til dømes Albert, Anton, Didrik, Fredrik, Hermann, Jørgen, Konrad, Ludvig, Otto, Sivert og Wilhelm.

Utvikling i bruk av namnet Henrik frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Henrik frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Henrik på 1800-talet.

Henrik var mest brukt i Bergen, Troms og Finnmark.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Henrik på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Henrik var mest brukt i Bergen, Troms og Finnmark. (I søylene inngår det også ein eller fleire stavevariantar, til dømes Henrich.)

Historisk bruk av namnet Henrik
Historisk bruk av namnet Henrik
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg