Hedvig kjem av det tyske kvinnenamnet Hedwig som går tilbake til gammalhøgtysk Hadu-wig. Både forleddet og etterleddet tyder ‘strid’.

Hedvig er ein parallell til Gunnhild der også begge ledda tyder ‘strid’.

Namnet har fleire variantar: Hedevig, Hedvig, Hedvik, Hedwig.

Namnedag er 15. oktober. Hedda har også namnedag denne dagen.

Personar med namnet Hedvig

Kulturell bruk

  • Hedvig Ekdal er ei jente på 14 år i «Vildanden» (1884) av Henrik Ibsen.

Kjende personar med namnet Hedvig

Eit utval personar med namnet Hedvig, og som er omtalt i Store norske leksikon:

Namnestatistikk

I 2022 var det 1 744 kvinner i Noreg som hadde Hedvig som det einaste førenamnet eller som det fyrste av fleire. I 2022 var det 205 jenter som fekk namnet Hedvig, og det var blant dei 50 mest populære jentenamna dette året.

Utvikling i bruk av namnet

Dette samansette tyske namnet har i den fyrste popularitetsfasen ein kurveprofil som liknar på profilen til dei kvinnenamna som inngår i den nordiske namnerenessansen, men til forskjell frå dei aller fleste renesansenamna har Hedvig fått eit sterkt oppsving frå slutten av 1900-talet.

Utvikling i bruk av namnet Hedvig frå 1800
Utvikling i bruk av namnet Hedvig frå 1800
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Geografisk variasjon på 1800-talet

Geografisk variasjon i bruk av namnet Hedvig på 1800-talet.

Hedvig var klart mest brukt i Kristiania.

Geografisk variasjon i bruk av namnet Hedvig på 1800-talet.
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Hedvig var klart mest brukt i Kristiania.

Historisk bruk av namnet Hedvig
Historisk bruk av namnet Hedvig
Av /Store norske leksikon.
Lisens: CC BY SA 4.0

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg