Heddal stavkirke

Heddal stavkirke

Heddal stavkirke
Av /Arfo forlag.

Heddal er ei bygd i Notodden kommune, Telemark, omkring Heddalsvatnets nordlege del og dei nedre delane av hovudtilløpa, Heddøla og Tinnelva (Tinne).

Faktaboks

Etymologi

ikkje sikkert forklart, kanskje av eit tidlegare navn på Heddøla, Heitr eller Eitrá

Også kjend som

tidlegare: Hitterdal

Heddal var eigen kommune til 1964, då han saman med Gransherad (med unntak av Gransherad-Jondalen) og Rudsgrend av Hovin blei slått saman med Notodden. Notodden bykommune blei utskilt frå Heddal i 1913.

Geografi

Heddalen er vid, veldyrka og tett busett, medan Tinnelvas dalføre er trongt og med lite busetjing.

Det meste av jordbruksarealet ligg på marin sand og leire opp til om lag 150 meter over havet, avsett i ein fjordarm som etter istida nådde inn hit.

Heddal stavkyrkje er den største stavkyrkja i Noreg.

Namn

Namnet kjem truleg av norrønt Heitrardalr, truleg etter eit elvenamn Heitr, kanskje av heit, 'varm', eller Eitrá, som kan bety 'den kalde' eller vere avleidd av germansk aitra, 'noko som svulmar opp'.

Kart

Heddal
Heddal
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Holta, Ole Halvorsen: Hitterdalsboken : gaarde og slegter, 1926

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg