Hedalen stavkyrkje i Valdres.

Hedalen er eit sidedalføre til Begnadalen, i Sør-Aurdal kommune i Valdres, Innlandet fylke, nordvest for Sperillen. Gjennom dalen renn elva Urula (Fossbrøyta, Hedalselva, Åslielva).

Faktaboks

Etymologi

ikkje sikkert forklart, kanskje av eit tapt elvenamn *Hé(a)

Hedalen er ei fjell- og skogbygd som utgjer eit eige sokn i Sør-Aurdal kommune. Hedalen dannar den nordaustlege avgrensinga for Vassfaret. Gjennom dalen går fylkesveg 243, som møter E16 ved nordenden av Sperillen. Fylkesveg 225 frå Begnadalen og fylkesveg 223 frå Nesbyen knyter dalen til andre nærområde. Dalen har tradisjonelt hatt tømmerdrift via vassfara.

Hedalen stavkyrkje, reist i 1163, er ei av dei best bevarte stavkyrkjene i landet. Fleire kjende forfattarar har lagt skildringane sine til Hedalen og Vassfaret.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Gjermundsen, Jon Ola: Gard og bygd i Sør-Aurdal: Hedalen og Vassfaret, 1992

Kommentarar (2)

skreiv Håkon Arnljot Sukke

Hedalen stavkirke er frå 1163 etter nyare gransking. 850 års jubileum i 2013

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg