Hauge er ein tettstad i Sokndal kommune i Rogaland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 1,8 km², og har 2365 innbyggjarar (2023).
Hauge er administrasjonssenter i Sokndal kommune. Tettstaden omfattar òg Sogndalstrand ved kysten, som inntil 1944 var ein eigen ladestad.
Nordaust for Hauge ligg titanmalmgruver som i si tid var dei største i Europa (Sandbekk), men som no er nedlagde. Nye og rikare malmfelt opna på Tellnes om lag 10 kilometer aust for Hauge (Titania).
I Hauge ligg Sokndal kyrkje, ei korsforma trekyrkje frå 1803 med verdfullt inventar frå 1600-talet: ein altertavle av Peter Reimers og Gottfried Hendtzschel frå 1608, ein gammal døypefont, og ein preikestol skoren av Anders Smith i 1666.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.