Faktaboks

Innbyggjartal
280 (SSB, 2023)
Landareal
0,28 km²
Tettstadsnummer
5741 Hardbakke
Hardbakke
Hardbakke sett fra Ravnenipa.

Hardbakke er ein tettstad i Solund kommune i Vestland. Tettstaden er ifølgje SSBs definisjon 0,28 km², og har 280 innbyggjarar (2023).

Hardbakke er administrasjonssenter i Solund kommune. Hardbakke ligg ved Liasundet, på vestsida av øya Sula.

Natur

Like sør for kommunesenteret ligg fjellet Ravnenipa på 230 meter over havet. Berggrunnen består av konglomerat som tilhøyrer devonfelta på Vestlandet. Frå toppen er det fin utsikt over Hardbakke, austover til Sognefjorden og sørover til Sognesjøen. På sørsida av fjellet ligg Kystarboretet og i tilknyting til dette ein fem kilometer lang turveg.

Kultur

Solund kyrkje er ei langkyrkje i tømmer er frå 1860. Arkitekt var Christian Heinrich Grosch. Hardbakke skule opna i 1966. Frå slutten av 1960-talet hadde skulen elevinternat, som frå midten av 1980-talet vart driven som pensjonat med ulike eigarar; frå 2011 bygd om til Solund leilegheitshotell.

Kart

Hardbakke
Hardbakke
Av /Statens kartverk.

Les meir i Store norske leksikon

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg