Hallstein er eit mannsnamn som går tilbake til det norrøne Hall-steinn. I dette toledda namnet tyder forleddet ‘(flat) stein’ og etterleddet ‘stein’.
I Hallstein har altså forleddet og etterleddet same tyding. Slike namn med lik tyding i forleddet og etterleddet viser at tydinga har spelt ei underordna rolle ved namngivinga. Det var viktigare å gi eit klangfullt namn til barna, gjerne ved oppkalling etter slektningar med dei same ledda i namnet.
Namnet har fleire variantar: Hallstein, Halstein, Halsten.
Namnedag er 7. desember. Hallfrid og Hallgeir har også namnedag denne dagen.
Kommentarar
Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.
Du må være logga inn for å kommentere.